RSS

Kategoriarkiv: kepler

Lars Kepler – SPEILMANNEN

speilmannenFullstendig mislykka

Dette er utan tvil den verste krimboka i Joona Linna-serien. Groteske og bestialske skildringar av korleis små jenter blir skjenda, utan å tilføre historia noko, og eit spenningsnivå på ca null. 

Unge jenter forsvinn i Sverige. Fem år etter at ho forsvann, dukkar ei av dei opp drept på ein leikeplass. Kvar har ho vore i mellomtida? Joona Linna er ei slags strake motsetning til forfattarane: Han har trukke seg tilbake, men har framleis mykje å by på.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Det veit eg ærleg talt ikkje. 

(2020)

Les meir

Reklame
 

Lars Kepler – SANDMANNEN

Siste tango med Jurek Walter

Bok nr 4 om Joona Linna. Oppdaga at det var eit hol i samlinga, har tidlegare lest 1-3 og 5-7.

Eit av offera til Jurek Walter, som Joona Linna sette i fengsel for fleire drap for 13 år sidan, dukkar plutselig opp i live. Mikael Kohler-Frost har vore fanga i ein betongbunker halve livet, og fortel no at lillesøstra hans også er i live. Med Jurek Walter framleis innesperra, blir det eit kappløp med tida for finne jenta, og Linna får også bekrefta teorien sin om at Walter må ha ein medhjelpar på utsida.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ekteparet Ahndoril, som står bak pseudonymet Kepler, til tross for ein del irriterande småting i denne boka, er blant verdas beste til å skrive god krim. 

(2012)

Les meir

 

Lars Kepler – LAZARUS

I overkant

Ein mann vert funnen død i Oslo, og i leiligheita til mannen finn politiet ein hovudskalle i ein frysar. Dette viser seg å tilhøyre den avdøde kona til Joona Linna.

Litt seinare dukkar eit lik opp i Tyskland, og Joona Linna vert henta ned av det tyske politiet, fordi dei har ein link mellom liker og Joona.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar at det er mykje gørr og eksplisitte grusomheiter i krimbøkene dine.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/12/2019 tommar kepler, oslo, politi, stockholm, sverige, tyskland

 

Lars Kepler – KANINJEGEREN

Ny seriemordar for Joona Linna

Den svenske utanriksministeren vert brutalt slakta ned i ein luksusvilla, med ei ung eskortepike som vitne. Ho har overlevd angrepet, og fått med seg beskjeden frå drapsmannen: «No kjem helvete til å sluke dokke alle».

Joona Linna vert henta ut av fengsel for å bistå Saga Bauer i jakta på det som viser seg å vere ein seriemordar. Og midt i suppa står ein kjend tv-person, den sliten tv-kokken Rex.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intense krimsaker, med masse fart og spenning, og full av smarte vendingar som lurer deg gong etter gong.

(2016)

Les meir

 
 

Lars Kepler – STALKER

stalkerMørkt og dystert frå Kepler

Noken har filma ei uidentifisert kvinne gjennom vindauget frå hagen, og lagt filmen ut på nettet. Dagen etter vert kvinna funnen drept. Offer nummer to vert funnen av sambuaren, som går i svart, og vasker heile leiligheita før politiet kjem til staden.

Erik Maria Bark vert tilkalla for å snakke med mannen, men den erfarne psykiateren får høyre noko han velger å ikkje dele med politiet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dyster, mørk, og halvskummel krim.

(2015)

Les meir

 

Lars Kepler – ILDVITNET

ildvitnetJoona Linna tilbake på rett spor

Den tredje boka om Joona Linna, og denne gongen er det eit drap på ein institusjon for vanskeligstilte jenter som står i fokus.

Ei ung jente vert funna drept, og nattevakta vert også funnen død i nærleiken. Samstundes er ei av dei andre jentene forsvunna, og vert raskt hovudmistenkt. For den suspenderte Joona Linna vert det ei frustrerande sak, der han kun er med som observatør.

Ei fin blanding av action, spenning, kidnappingar og klarsynte.

Las, irriterande nok, ein dårlig omtale av denne boka då den kom ut, og har derfor ikkje lest den før no. Og det er synd, for dette er ei veldig god bok.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar actionprega leiteaksjonar i høgt tempo.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/07/2013 tommar barn, institusjon, kepler, kidnapping, sverige

 

Lars Kepler – PAGANINIKONTRAKTEN

Svak andrebok

Paganinikontrakten er den andre boka til pseudonymforfattaren Lars Kepler.

Ein av toppane innan svensk våpeneksport vert funnen hengd i si eiga leiligheit, rett før ei stor kontrakt skal underskrivast. Samstundes finn politiet ein yacht i skjergarden, og den unge jenta Viola Fernandez vert funnen død. Systera hennar, Penelope, som også var om bord i båten, er forsvunna.

Joona Linna er mannen som skal løyse opp i sakene.

Forteljarstilen er rotete og repetativ i starten, og minner nesten om ein amerikansk tv-serie, der ein minner publikum på kva som skjedde før pausa.

Det er mykje meir ein action-thriller enn ein intelligent krim.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei amerikanske krimseriene som går på TVNorge på kveldstid.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/09/2011 tommar kepler, politi, sverige, våpen

 

Lars Kepler – HYPNOTISØREN

Særdeles sterk debut

Ein svensk fotballdommar vert funnen drepen på den lokale skulen. Politiet dreg heim til han for å gi beskjed til familien. Der finn dei resten av familien drept, med unntak av den 15-år gamle sonen, som er livstruande skadd. Medan politiet raskt meiner dei finn ei årsak til drapa, har den svenskfinske etterforskaren Joona Linna eigne teoriar om kva som har skjedd.

Hypnotisørlegen Erik Maria Bark har slutta å hypnotisere, etter ei hending tilbake i tid. No vert han overtalt til å hypnotisere 15-åringen, i håp om å finne den forsvunne søstera hans, før gjerningsmannen gjer det.

Fartsfyllt og veldig spennande krim, frå pseudonymet Lars Kepler, som skjuler eit svensk ektepar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette er ein krimdebut med nivå langt over det som er vanleg.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/05/2010 tommar hypnose, kepler, politi, stockholm, sverige