RSS

Kategoriarkiv: kidnapping

Jørn Lier Horst – FORRÆDEREN

forræderenKva gjer politimannen når saka blir personlig?

Eit stort jordras, der fleire hus forsvinn, er inngongen til denne. Alle i området ser ut til å ha vorte berga ut i live, men litt seinare finn politiet ein død person. Det viser seg derimot at denne har vore død ei stund, og er drept. Vedkomande viser seg å ha tilknytting til ei svensk etterforsking, og plutseleg viser det seg at dette er større en ein først trudde. Så vert Wisting personlig involvert. Litt for personlig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi serien om William Wisting alltid har eit høgt nivå over seg.

(2022)

Les meir

Reklame
 

Harlan Coben – FEIL SIDE AV VEIEN

feilsideavveienBolitar på ukjente jaktmarker

Jack Coldren er ein aldrande og mislukka golfspelar, som er gift med verdas beste kvinnelege golfspelar, Linda. Sjølv er han mest kjent for å ha sprukke på eit av dei siste hola i US Open 23 år tidlegare, men er no sensasjonelt i ferd med å vinne den samme turneringa for fyrste gong, og på samme bane. Men undervegs forsvinn sonen deira, Chad, og ekteparet får truslar og krav. Vil nokon øydelegge sjansane for Jack? 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elskar golf og du elskar krim, men har aldri sett dei to kombinert før. 

(1997)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/10/2022 tommar coben, kidnapping, sport, usa

 

Lone Theils – HEKSEGUTTEN

hekseguttenBarnebortføring i London

Nora Sand har blitt kontakta av ein nigeriansk professor som jobber med å avsløre Boko Haram og bortføring av barn i Nigeria. Professoren vert borte for Nora på ein kirkegard i London, og dagen etter vert han funnen drept og mishandla på same stad. Samstundes er ei dansk realitystjerne og ein russisk oligark i bitre skilsmisseforhandlingar i London, og sonen deira vert kidnappa av ei kvinne i burka. Nora, som er Globalt sin London-korrespondent, dekker begge sakene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistkrim med fart og spenning. 

(2018)

Les meir

 

Peter James – VAKKER I DØDEN

vakkeridødenTing du ikkje skulle sett

Tom Bryce er på veg heim frå jobb, då har merkar at ein av passasjerane har gått frå ein CD på toget. Han tek den med heim, for å finne eigaren, men ser noko på CDen som han ikkje skulle sjå, og derfrå går ting raskt i utforbakke, for ein mann som allereie slit litt med firmaet og privatlivet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein kjapp og spennande thriller.

(2006)

Les meir

 

Ruth Lillegraven – AV MITT BLOD

avmittblodEin annleis oppfølgar

Landet ferske justisminister Clara Lofthus kjem heim til eit tomt hus. Tvillingane er borte, og ho får beskjed om at dersom ho varslar nokon, døyr dei. Berre ved hjelp av si nyutnevnte livvakt, ekssoldaten Stian, må Clara finne igjen sønene før det er for seint.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du slukte den fyrste boka om Clara Lofthus, og er spent på fortsetjinga.

(2021)

Les meir

 
 

Ole Asbjørn Ness – FEM DAGER I MAI

femdagerimaiMenn som hatar influencerar

Etterforskar Johnny Abrahamsen prøver å slå alarm då ein ung influencer forsvinn under ein joggetur. Fyrst når nummer to forsvinn, og kidnapparen byrjar sende videoar av mishandlinga av dei to, vert saka teka på alvor. 

Ein actionprega krim, utan dei heilt originale vriane. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar norsk krim med mykje action.

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/05/2022 tommar influencer, kidnapping, ness, norge, politi

 

Sven Petter Næss – SKJEBNESTEINEN

skjebnesteinenNorsk-skotsk samarbeid

Niesa til Harinder Singh vert bortført i Edinburgh, og vert seinare funnen livlaus i ei elv. Singh reiser over for å finne ut av det på privaten, og saman med ein pensjonert skotsk politimann, finn han ut at kidnappinga har samanheng med ting som har skjedd i Oslo tidlegare.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste boka om Harinder Singh, og er nysgjerrig på korleis det går vidare.

(2020)

Les meir

 
 

Silje O. Ulstein – KRYPDYRMEMOARER

krypdyrmemoarerUoversiktleg slangedrama

Ei ung jente kjem vekk frå mora på eit kjøpesenter i Kristiansund, og vert borte. Mora stikk også av, for å leite i si eiga fortid, utan å involvere politiet. 

Parallelt får me historia om Liv, Ingvar og Egil, som bur i kollektiv i Ålesund, omlag 15 år tidlegare, og som bestemmer seg for å utvide kollektivet med pytonslangen Nero. Etter kvart tvinner dei to historiene seg inn i kvarandre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du likar innfløkte persongalleri og omfattande bakgrunnshistorier. 

(2020)

Les meir

 
 

Johan Høst – EN NASJON I SJAKK

ennasjonisjakkLynsjakkdrama

Sjå for deg ideen om at nokon kidnappar statsministeren, og tvinger stortingspresidenten til å spele sjakk om å sleppe han fri, med livet til framståande samfunnstoppar på spel dersom brikker går tapt. Rimelig tullete og virkeligheitsfjernt. Men sjå deretter for deg at nokon klarer å fortelle denne historia på ein slik måte at du kjøper den, og ikkje berre det – den er så spennande at du ikkje klarer å legge boka frå deg.

Dette er glatt den beste norske krimen på i alle fall eit år.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du er glad i krim, så klarer du ikkje å la vere å lese det som er den mest omtala krimdebuten på mange år. 

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/02/2022 tommar høst, kidnapping, norge, oslo, politi, politikar, sjakk

 

Alice Clark-Platts – BLOMSTERPIKENE

blomsterpikeneFlashback til barnedrapssak

Ei fem år gammal jente forsvinn frå eit hotell på nyttårsafta. 18 år tidlegare drepte to systre ei 2 år gammal jente, men berre den eldste av dei, Laurel, som den gong var 10, måtte sone for drapet. No viser det seg at den andre systra, Primrose, som no har fått ny identitet, er ein av gjestane på dette hotellet, og ho får raskt mistanken retta mot seg. 

Samtidig jobbar den fengsla systra med å få ankesaka si opp, men møter massiv motstand.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som grev i gamle saker. 

(2018)

Les meir