Målretta vendetta i Beijing
Ein massemordar herjar i Beijing. Han tek livet av unge og vakre offer, og kallar seg sjølv the Beijing Ripper.
Politisjef Li Yan, og patolog Margaret Campbell jaktar på drapsmannen, og når Li får brev frå the Ripper, er det tydeleg at det dreier seg om ein personleg vendetta.
(Dette er den sjette boka i serien om Li og Margaret Campbell)
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du syns det er spennande med internasjonal krim i ukjente miljø.
(2004)