RSS

Kategoriarkiv: klassikar

Henry James – TOMMESKRUEN

tommeskruenAlle skrekkhistoriers mor

Man ei bok eller tv-serie er basert på denne klassikaren frå Henry James. No sist Netflix-serien The Haunting of Bly Manor.

Historia vert fortalt framfor peisen i eit juleselskap. Søstera til opplesaren hadde ei gammal barnepike, og dette er historia hennar, før dei møttes.

Ho fekk i oppdrag å passe dei to borna Miles og Flora, på herregården Bly. Foreldra deira er døde, og det er onkelen som er arbeidsgivar. Men han bur ikkje på Bly, og vil heller ikkje høyre noko om korleis det går med ungane. Det er barnepika som har det ansvaret, saman med den eldre fru Grose, som er hushalderske på Bly. Etter ein stund oppdager barnepika to ukjente personar i hagen, og får vite at dette er Miss Jessel, den tidlegare barnepika og Peter Quint, som var ein del av tenarskapet. Begge er døde, men gir no igjen, med det mål for auget; å øydelegge borna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det skumle og overnaturlege. 

(1898)

Les meir

Reklame
 

Olaf Bull – MITT NAVN ER KNOPH

mittnavnerknophEin ny æra i norsk krim? 

Jens Christian Sahle, ein respektert og grundig direktør, vert dømt for underslag, og innrømmer at han har gjort det for å gi elskerinna si 20 000. Utover det har han ikkje så mykje å fortelle. Kona til Sahle ler av at han skulle hatt ei elskerinne. Han vert dømt for underslaget, men Hans Bleng frå Oppdagelsespolitiet aner ugler i mosen.

I følge Bjørn Carling i «Norsk Kriminallitteratur gjennom 150 år» (1976), er dette det fyrste «utspekulerte konstruksjonsmysterium på norsk,» og dermed starten på eit nytt kapittel i norsk krimlitteratur.

Boka var skriven som ein føljetong i eit blad frå 1909, men kom fyrst i bokform i 1913.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei aller fyrste krimhistoriene. 

(1909/1913)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/02/2023 tommar 1900-1910, økonomi, bull, klassikar, norge, oslo, politi

 

Freeman Wills Crofts – THE HOG´S BACK MYSTERY

hogsbackmysteryEin mindre kjent krimhelt frå 30-talet

Julia Earle og mannen, legen James Earle, bur langt frå folk, og har derfor sjeldan besøk. Då er det sjølvsagt ekstra stas når Julia får besøk av både systera Marjorie og venninna Ursula. Men kort tid etter ankomst, merker Ursula både at venninna Julia har eit forhold til ein yngre nabo, og ho ser legemannen i byen med ei anna kvinne. Og som ikkje det er nok, så forsvinn plutselig James Earle, utan spor. Sist sett i berre tøfler, lesande på dagens avis

Politiet vert tilkalla, men kjem ingen veg, og må til slutt tilkalle inspektør Joseph French frå Scotland Yard.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode, gamle britiske krimhistoriene. 

(1933)

Les meir

 

John Bude – THE LAKE DISTRICT MURDER

lakedistrictmurderEin klassikar seigare enn dei fleste

Jack Clayton, ein ung mann som er forlova, og skal gifte seg, vert funnen død i bilen sin utanfor ein avsidesliggande verkstad i Nord-England. Fyrst tyder alt på sjølvmord, men etterforskeren, ein inspektør Meredith, finn fleire ting som ikkje passar med den teorien. Han startar eit nitidig arbeid med å finne spor, trådar, svar, vitner. Etter ei stund viser det seg at det er ei anna sak i samme område, som ser ut til å ha tilknytning til blant anna verkstaden Clayton vert funnen ved.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis dei mindre kjende krimforfattarane frå «The Golden Age of Detective Fiction» skreiv. 

(1935)

Les meir

 

Agatha Christie – OG DERMED VAR DET INGEN

dermedvardetingenDen største av dei alle?

Kanskje? I alle fall ein av dei heilt store Agatha Christie-klassikarane, og i følge wikipedia den mest solgte krimboka nokon gong. 

Åtte personar kjem til ei øy utanfor kysten av Devon, og alle har vorte personlig invitert hit av ein person dei ikkje er heilt sikre på kven er; Ulick Norman Owen og Una Nancy Owen. På øya vert dei tekne i mot av butleren og husholdersken, som fortel at verten og vertinna ennå ikkje har dukka opp. På romma til kvar enkelt heng eit gammalt barnerim, og når alle er samla etter middag, spelar ein grammofon av ei plate, der kvar av dei åtte, samt hushaldersken og kokken, vert beskulda for på eit eller anna tidspunkt å ha drept nokon. Så fell ein av dei om død, etter å ha drikke ein drink der det er spor av cyanid. Så er me i gong. 

På grunn av den rasistiske originaltittelen (1939), og den ikkje så mykje bedre andretittelen (1964), så har boka måtte skifte namn to gonger i Storbritannia, og heiter i dag «And then there where none.» I USA var dei derimot litt meir framsynte, og ga boka det namnet ved fyrste utgivelse, allereie i 1940, medan dei i England venta med dette til 1985.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på kvifor akkurat denne står ut som ein bauta i krimlitteraturen.

(1939)

Les meir

 

Stein Riverton – JERNVOGNEN

109 år gammal eleganse

Ei spøkelses-jernvogn som rullar over slettene på Sørlandet, og kvar gong den vert høyrt, skjer det ei ulukke eller eit drap. Når eit nytt drap vert utført, kjem Asbjørn Krag til staden for å løyse mysteriet.

1909

Les meir

 

Wilkie Collins – THE WOMAN IN WHITE

womaninwhiteDenne boka vert sett på som ein av dei aller fyrste krimbøkene. Den vart gitt ut i delar i 1859 og 1860.

Eit komplekst plott, der teiknelæraren Walter Hartright vert forelska i rikmannsjenta Laura Fairlie, som skal gifte seg med den eldre baronetten Percival Glyde. Hartright vert overtalt til å flytte frå godset der han lærer Laura og halvsystera Marian, og teikne.

Percival og Laura giftar seg, og eit turbulent ekteskap kuliminerer i pengekrise og Walter Hartright returnerer frå Amerika. Legg til ein karismatisk italiensk greve, ein sjukeleg verge og ein dobbeltgjengar, så har du eit komplekst persongalleri til ei tilsvarande historie.

(1859/60)

Les meir

 

Agatha Christie – DEN ÅPNE GRAVEN

denåpnegravenDette er den andre boka til Agatha Christie om Hercule Poirot, og kom ut for 90 år sidan, i 1923.

Poirot vert kalla til Frankrike, av den fransk-canadiske rikmannen Renauld, som fryktar for sitt liv. Men før Poirot og Hastings rekk å kome til Frankrike, er Renauld allereie død.

Med arv, forretningar i Sør Amerika og mystiske skikkelsar som dukkar opp på godset, har Poirot nok av motiv å leite gjennom. I tillegg må ha takle Frankrikes beste og mest populære detektiv.

(1923)

Les meir

 

Gaston Leroux – DET GULE ROM

Det originale lukka rom-mysteriet

Ein gammal klassikar i ny utgave. På eit gammalt herskapshus i Frankrike, vert ei kvinne forsøkt drepa. Ho er innelåst på rommet sitt, Det Gule Rom, og når faren og medhjelparane hans endelig får åpna døra, er ho så vidt i live. Overfallsmannen er borte, og der ligg mysteriet. Rommet har nemlig vore hermetisk lukka, og den låste døra er einaste veg inn.

Den 18-årige journalisten Rouletabille skrid til verket, og løyser mysteriet, og det er ei løysing som rystar både Paris og heile Frankrike.

På baksida av boka står det at Agatha Christie bestemte seg for å skrive krim, etter å ha lest denne boka, og at John Dickson Carr meinte det var verdas beste krimbok.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er begeistra for storslåtte omgivelsar, uløyselige mysterier, og geniale detektivar.

(1907)

Les meir