RSS

Kategoriarkiv: kripos

Sven Petter Næss – SKYLDIG

skyldigUskuldig dømt? 

Ei kvinne som kjem frå same stad som etterforskar Harinder Singh, slepp ut av fengsel etter å ha sona 18 for drapa på mora og stefaren. Ho hevdar ho er uskuldig, og Singh blir overtalt til å sjå på saka. Ei jakt som nok ein gong fører han tilbake til Elvestad, småbyen han ikkje kunne flytte kjapt nok frå, i si tid.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei to fyrste og lurer på om alle gode ting er tre.

(2021)

Les meir

Reklame
 
 

Sven Petter Næss – SKJEBNESTEINEN

skjebnesteinenNorsk-skotsk samarbeid

Niesa til Harinder Singh vert bortført i Edinburgh, og vert seinare funnen livlaus i ei elv. Singh reiser over for å finne ut av det på privaten, og saman med ein pensjonert skotsk politimann, finn han ut at kidnappinga har samanheng med ting som har skjedd i Oslo tidlegare.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste boka om Harinder Singh, og er nysgjerrig på korleis det går vidare.

(2020)

Les meir

 
 

Sven Petter Næss – DEN STILLE UKE

denstilleukeProfet i eigen småby

Sonen til småbydirektøren vert drept, og Kriposetterforskar Harinder Singh vender tilbake til heimstaden han ikkje kunne forlate raskt nok. Ei ung jente i kretsen rundt den drepne, forsvann for ei tid tilbake, og det kan virke som alle byen har noko dei prøver å dekke over.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som røskar opp i småbyhemmeligheiter.

(2019)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/04/2022 tommar forsvinning, hevn, kripos, landsbygda, næss, norge, politi

 

Jørn Lier Horst – KATHARINA-KODEN

katharinakodenWisting i sitt rette element

Nok ei uløyst sak for William Wisting. Det er 24 år sidan Katharina Haugen forsvann, og kvart år på denne datoen har Wisting besøkt mannen Martin Haugen. Men i år er også Martin tilsynelatande sporlaust borte.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi komboen Wisting og uløyste, gamle saker er heilt i di gate.

(2017)

Les meir