RSS

Kategoriarkiv: kristensen (monica)

Monica Kristensen – OPERASJON FRITHAM

Ein prest vert drepen i Sør-Varanger, av to nordmenn som har hoppa av den tyske austfronten.

Under ein operasjon på Svalbard, der ein skulle sikre dei norske gruvene, dukkar det opp ein mann som siglar under falskt flagg. Over 60 år seinare møtes veteranane frå aksjonen den gongen, igjen på Svalbard, og framleis er ikkje den ukjende blant dei avslørt.

Har fått mykje skryt i media, men personleg så var dette ein nedtur frå dei to fyrste bøkene.

(2009)

Les meir

Advertisements
 

Monica Kristensen – KULLUNGE

Den andre boka frå Monica Kristensen med tema frå Svalbard.

Denne gongen er det ungar som forsvinn i korte periodar frå ein barnehage i Longyearbyen, utan at dei ansette veit kvar dei gøymer seg. Men dei dukkar opp att etter kvart. Men så vert ei lita jente borte, utan å dukke opp igjen.

Handlinga er sentrert veldig rundt gruvedrifta i Longyearbyen i denne boka, og til å vere eit så lite samfunn, så har Kristensen greidd å skildre ei anna side av Svalbard denne gongen.

(2008)

Les meir

 
 

Monica Kristensen – HOLLENDERGRAVEN

Krimdebuten til polfarar Monica Kristensen, som skriv om miljøet på Svalbard.

I denne boka finn turistar ein hovudskalle i ei gammal grav, men hovudet er åpenbart av mykje nyare dato enn resten av levningane i kista. Men ingen veit kven den omkomne er, og heller ikkje kvifor vedkomande er drepen, eller kvar resten av kroppen er. Og kvifor er hovudet delt frå resten av kroppen?

Sysselmannen får ansvaret, og Kripos kjem til øygruppa for å hjelpe til.

(2007)

Les meir