RSS

Kategoriarkiv: kunst

Ann-Christin Gjersøe – JERNJOMFRUEN

jernjomfruenTidvis spennande, men…

Aller fyrst, ei krimbok om ein journalist med draumar om å verte forfattar, som snublar over ei krimgåte, er eit såpass godt brukt utgangspunkt at forfattaren kanskje allereie her legg lista for originalitet litt for høgt for seg.

Her er det mykje som skal gapast over. Ei kvinne forsvinn i Tønsberg i 1981, og dukkar aldri opp att. Ein nabogutt er lenge mistenkt, men vert aldri dømt, anna av kanskje naboane. 30 år seinare forsvinn fyrst ein forfattar som skriv utleverande om eit lukka sekt-miljø, og deretter ei kvinne til. Journalisten Ida ser på dei to nyaste sakene, og finn tråder som går tilbake til beslaglagte jødiske eigendelar frå krigen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim med mange lause trådar som forhåpentligvis skal samlast. 

(2014)

Les meir

Reklame
 

Michel Bussi – SVARTE VANNLILJER

svartevannliljerDrap i Monet sitt rike

Boka startar med ein presentasjon av tre kvinner i forskjellig alder, som skal prege historia.

Kunstsamlaren Jerome Morval, som har gjort karriere som augelege i Paris, og no er tilbake i Claude Monet sin idylliske landsby Giverny, vert funnen drept i ein kanal. Politifolka Serenac og Benavides finn, til tross for at begge er blenda av den vakre Stephanie Dupain, ut at eit liknande drap skjedde her, tilbake i 1937.

Heile historia kretser rundt Monet sine vannliljer, som han malte her, og gjorde staden til eit mekka for impresjonistar verda over. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for omfattande historier som vert nøsta fint saman. 

(2011)

Les meir

 
 

William Shaw – DØDELAND

dødelandIkkje det beste Shaw har laga

To unge gutar tjener seg nokre kroner på å stjele mobiltelefonar frå folk i byen. Ein dag får dei tak i ein bag med to telefonar, ein dyr og ny, og ein litt eldre modell. Dei vert kontakta av den som eig telefonane, og får beskjed om at det ventar ein dusør om dei leverer dei tilbake. Onkelen til ein av gutane ser ei muligheit til å presse prisen litt opp, og tek på seg å levere den tilbake. Han kjem aldri igjen. 

Samstundes dukkar det opp restar av ei menneske inne i eit kunstverk som er utstilt på eit lokalt galleri.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Alexandra Cupidi i dei to foregåande. 

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/07/2021 tommar barn, england, kunst, kystliv, politi, shaw

 

Øistein Borge – JEG ER NUMMER 13

jegernummer13Dødelig kunst

Bogart Bull vert sendt til Amsterdam der ein norsk student vert drept i ein park. Drapsvåpenet er noko utanom det vanlege. I samme by går ein, i eigne auge, stor kunstnar rundt og ser etter nye kunstverk. Ikkje overraskande kryssar kunstnaren og kunstnarsonen stiar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du det mørke og litt groteske. 

(2018)

Les meir

 
 

Frits de Bourg – Mordets Enkle Kunst

Stemningsfullt frå Drammen

Ein gallerieigar vert drept, og redaktør i KrimMagasinet, Nicolay Wolff, som akkurat har kjøpt eit maleri som har tilknytning til den drepte, fattar interesse. Så vert han kontakta av ei kvinne som meiner van Gogh-maleriet ho eig, er ei forfalsking. Alt i ei nydelig 50-tals-innpakning.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå den gong ein ikkje kunne finne alle svar i eit dna-arkiv eller på Google. 

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/10/2019 tommar 50-talet, de bourg, drammen, journalist, kunst, norge

 

Anna Grue – KUNSTEN Å DØ

Den 83 år gamle kulturkritikaren Ingegerd Clausen vert funnen drept i dottera sitt hus, og all kunsten dottera Kamille Schwerin har jobba med den siste tida, er knust til pinneved. Det meste tyder på at det er Kamille som er målet for angrepet, og ikkje mora, som berre har vore på feil plass til feil tid.

Eit lite hopp fram i tid, og Kamille skal vere med på ein realityserie på ei øy, like utanfor Christianssund, der ho bor. I tida sidan drapet på mora, har ho sjølv vorte utsett for fleire drapsforsøk, og det ser ikkje ut til at TV-innspelinga gjer at disse stoppar.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/04/2017 tommar danmark, detektiv, grue, kunst, politi, tv

 

Michael Connelly – MØRKERE ENN NATTEN

Bosch + McCaleb = ?

Eit nakent drapsoffer vert funne med ein religiøs beskjed teipa over munnen.

Den pensjonerte etterforskaren Terry McCaleb vert kontakta av politiet, etter at etterforskinga har gått i stå. Funn i saka peikar mot ein gammal kjenning av McCaleb, nemlig etterforskar Harry Bosch. Kan Bosch, som for tida er midt i ei av dei største rettsakene i LA, vere involvert i drapet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er du er nysgjerrig på kva som skjer når dei to store heltane til Connelly skal samarbeide.

(2001)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/04/2017 tommar bosch, connelly, kunst, los angeles, mccaleb, politi, usa

 

Jo Nesbø – HODEJEGERNE

Nok ei bok som vart lest ut på to dagar på stranda i Italia.

Roger Brown er en hovudjeger, som skal finne passande folk til dei beste jobbane. Så dukkar det opp ein som er for god til å vere sann, før ting byrjar gå gale.

Nesbø prøver seg på ein ny karakter etter Harry Hole, og denne er veldig annaleis. Spennande start, men glir noko ut på slutten etter min smak. Twisten er litt for knapp til å vere truverdig. Ikkje på langt nær same kvalitet som Hole bøkene, men likevel eit pluss at Nesbø har lagt seg såpass langt unna sjangermessig.

Mykje bra, men heile settingen og stemninga med rike, vellukka finansfolk, er vanskeleg å setje seg inn i.

Likevel, heilt grei.

Her slår det meg likevel kor mykje bedre Kjetil Try skriv Jo Nesbø, enn Jo Nesbø sjølv…

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2008 tommar kunst, nesbø, norge, oslo, svindel