RSS

Kategoriarkiv: läckberg

Camilla Läckberg – TYSKERUNGEN

Har mista litt tellinga på antall bøker no, men dette er i alle fall den som kjem etter Ulykkesfuglen.

Erica finn ei tysk krigsmedalje på loftet, når ho leitar i sakene etter mor si. Ho leverer den til ein lokal mann som samlar på memorabilia frå krigen, og ei stund seinare vert han funnen død. Det viser seg at han var ein nær ven av mor til Erica, som prøver å finne ut meir om mor si, parallellt med etterforskinga av drapet.

Dette er nok den mest skuffande boka hittil. Ikkje fordi historia er så mykje dårligare enn dei andre, men fordi det kjem så tydelig fram i denne boka at alle historiene og plotta vert altfor like, at karakterane utviklar seg i feil retning, og ikkje minst vert ein oppgitt over at forfattaren brukar alle snarvegane som finst. Det skin gjennom at ho ikkje klarar å skrive historiene spennande nok, og dermed må jukse seg fram til spenning.

(2007)

Les meir

Advertisements
 

Camilla Läckberg – ULYKKESFUGLEN

Bok nummer 4 om livet i Fjällbacka. Ei avholdskvinne vert funnen død etter ei bilulukke, og det viser seg at ho har ein dødelig dose alkohol i kroppen.

Samstundes vert Fjällbacka invadert av eit TV-team som skal lage ei serie med realitystjerner som skal bo i bygda.

Den definitivt beste og mest intrikate av Läckbergbøkene så langt, sjølv om det denne gongen er mykje fleire, og mindre interessante bihistorier.

(2006)

Les meir

 

Camilla Läckberg – STEINHUGGEREN

Den tredje boka om Fjällbacka, og den klart beste hittil. Det viser seg at eg har sett filmatiseringa av denne, så ein sit heile tida med ein kjensle av at ein har lest dette før. Likevel er oppbygginga, det intrikate miljøet og den vedvarande spenninga på eit heilt anna nivå enn dei to fyrste bøkene.

Ei ung jente vert funnen drukna i havet ved Fjällbacka, og det viser seg seinare at ho har ferskvatn og såpe i lungene, og dermed ikkje har drukna i sjøen. I tillegg viser det seg at ho har aske i munnen (som er ein av teaserane bakpå boka, men som ikkje kjem fram før me har lest nesten 100 sider).

Parallelt går ei historie om ein steinhoggar frå ca 20-talet, og etter kvar aner ein at disse to vert tvinna saman.

(2005)

Les meir

 

Camilla Läckberg – PREDIKANTEN

Bok nummer 2 frå Fjällbacka. Hadde egentlig byrja på den siste, Englemakersken, men etter ca 30 sider der, var det så mange referanser til det som har skjedd i tidlegare bøker, at eg måtte ta dei i rekkefølge. Fekk nr 2 og 3 i bursdagsgave sist veke, so no vert det nok Läckbergsommar her i garden.

Denne gongen er det politimannen Patrik Hedström som er i hovudfokus, medan Erica Falck i bakgrunnen.

Ein ung gut er ute og leikar, og finn ei død kvinne. Når politiet kjem til staden, og skal flytte kvinna, finn dei fleire skjelett under henne. Den siste forsvinningssaka i Fjällbacka var i 1979.

Ei religiøs storfamilie, Hult, som jobbar med å få ungdommar vekk frå skråplanet, er sentrale i boka.

(2004)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/06/2012 in läckberg, politi, sverige

 

Camilla Läckberg – ISPRINSESSEN

Den fyrste boka om livet i Fjällbacka. Alexandra Wickner, ei kvinne rundt 40, som er oppvaksen i bygda, men busett i Gøteborg, vert funnen død i badekaret i huset til foreldra sine.

Erica Falck, biograf og barndomsvenninne av Alex, er også i bygda, for å rydde i dødsboet til foreldra.

Saman med den lokale politimannen Patrick, startar ho å nøste opp i livet til Alex, som ikkje er heilt slik det såg ut. Ei intrikat historie, som etter kvart viser seg å innvolvere mange andre av innbyggjarane i Fjällbacka.

Lettlest var den også. Med tre flyturar og venting i mellom dei, vart boka lest ut på ein dag.

(2002)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/02/2012 in kystliv, läckberg, sverige