RSS

Kategoriarkiv: lahlum

Hans Olav Lahlum – SNEEN VAR REN

sneenvarrenNy karakter, gammal karakter?

Den fyrste boka i ei ny serie om Engly Martinsen, som er fyrstebetjent i Oslopolitiet under krigen, som har to søner som kjempar på kvar si side, samstundes som han sjølv vert pressa av regimet til å melde seg inn i NS. Ein heilt annan karakter enn Lahlum sin tidligare helt K2, høyres det kanskje ut som, men utover i boka tek ein seg fleire gonger i å tenke at dette er samme person. Måten dei snakkar på, måten dei til stadigheit overforklarande tenker høgt, den litt stillferdige, men alltid korrekte måten å vere på, og ikkje minst det litt klønete forholdet til det motsatte kjønn.

Saka: NS-politikaren Jens Otto Helmersen vert funnen drept, skoten i si eiga hytte. Men rundt hytta er det ikkje nokon spor i snøen. Korleis har drapsmannen kome seg unna?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fan av serien om K2.

(2021)

Les meir

Reklame
 

Hans Olav Lahlum – SVANEMORDET

Svanetung retrokrim

Denne gongen er det svane i tittelen på boka, og svanerelaterte uttrykk dukkar opp meir enn to gonger i denne historia. Året er 1973, og K2 får eit nytt kvinneleg bekjentskap, nemleg detektiven Aurora Holmes. Dette kompliserer naturleg nok forholdet og samarbeidet til hans tidlegare kjæreste og samarbeidspartner Patricia, og når Aurora seinare dukkar opp død i elva, vert det enda meir komplisert. K2 tek på seg jobben med å etterforske saka, utan å avsløre at han hadde eit gryande forhold til avdøde.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi K2 og Patricia er blant dine absolutt favoritt-etterforskarpar.

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2021 tommar detektiv, lahlum, norge, oslo, politi

 

Hans Olav Lahlum – AVKLARINGENE

avklaringeneFedrenes hemmeligheiter

22 år gamle Vegard bur i Oslo, då han får telefon frå Hamar, om at faren har vore utsett for ei trafikkulukke, og ikkje har lenge igjen. Faren vil fortelje noko, men Vegard rekk ikkje fram i tide. I staden byrjar han sjølv å leite i fortida til faren, og ei 25 år gammal krimsak dukkar opp, der faren var hovudmistenkt for å ha drept kjærasten sin på ein hyttetur. Kan verkeleg faren, som han eigentlig veit veldig lite om, vere ein drapsmann?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar cold case-krim og har sansen for forteljarstilen til Lahlum.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/03/2021 tommar hytte, lahlum, norge, uløyste saker

 

Hans Olav Lahlum – ISBJØRNGÅTEN

På det åttande skal det skje?

Ein 16-årig gut forsvinn på veg heim frå skulen. Mor hans melder han sakna, og K2 vert sett på saka. Det viser seg at ingen veit kveit kven far til guten er, og når mora fortel K2 at det er ingen ringare enn ein svært rik og kjent foretningsmann, får saka ei ny vending.

I tillegg finn K2 ut at gutens far, forretningsmannen Fabricius, 40 år tidlegare opplevde å få sin eldste son kidnappa frå barnerommet. Guten kom aldri til rette.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har likt dei sju fyrste bøkene om K2 og Patricia, og berre MÅ vite korleis det går vidare i det turbulente forholdet deira. 

(2018)

Les meir

 

Hans Olav Lahlum – DE FEMS TEGN

Hemnar utan håp

Ein eldre mann mister barnebarnet og svigerdottera, nokre år etter at hans einaste son døydde. Kona har vore død sidan like etter krigen.

Draumen om ei stor familie får ein brå slutt, og mannen byrjar leite i husken, etter tinga som gjorde at ting vart slik dei vart. Minna tek han tilbake til krigen.

Han legg ut på eit hemntokt over Europa, med eit heilt klart mål. Han er ein mann i 80-åra som ikkje har noko å tape lengre, og hans argaste fiende er helsa.

(2017)

Les meir

 

Hans Olav Lahlum – SPORVEKSLINGSMORDET

Mord i skiløypa

Etter lukka rom-mysteriet på Sørlandet, er K2 og Patricia no attende i Oslo, der eit ungt skitalent har vorte drept på siste etappa av ein stafett.

Etterforskinga av drapet på eit av landet største skitalent, Ingeborg Hole Samuelsen, avdekker eit breidt spekter av mulige kandidatar rundt offeret, som var adoptivbarn.

Lahlum er glad i å drysse rikelig med hint til tittelen i bøkene sine, og i denne vert det litt i meste laget. Ei av dei svakaste K2-bøkene på lenge, om ikkje den svakaste.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/05/2019 tommar lahlum, norge, oslo, ski, skog, vinter

 

Hans Olav Lahlum – HAIMENNESKET

Lahlum si aller beste

For ti år sidan vart ein baby drept i vogga si på eit hotell på ei sørlandsøy. Dei to halvsøstrene hans skulle passe på han, men begge 16-åringane nekta for å ha noko med drapet å gjere, og den eine av tvillingane forsvann sporlaust rett etterpå. Litt seinare tok mor til barnet livet av seg.

K2 og Patricia har nettopp vorte kjærestar, og vert invitert ned til øya, fordi dei som var på hotellet den gongen har fått anonyme brev. I breva vert dei oppfordra til å kome tilbake til hotellet for å få vite sanninga.

(2015)

Les meir

 

Hans Olav Lahlum – MAURTUEMORDENE

Den vanskeligaste oppgåva hittil

Ein seriemordar er laus i gatene i Oslo i 1972. Unge jenter vert kvalt rundt om i byen, og drapsmannen har lagt igjen ein slags signatur, i form av ein liten maur.

K2 og Patricia kjem ingen veis, og står midt oppe i si vanskeligaste sak nokon gong.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/11/2018 tommar 70-talet, lahlum, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Hans Olav Lahlum – KAMELEONMENNESKENE

Historisk i det historiske

Ein mann vert funnen drept, og ein ung gut som vert sett syklande vekk frå staden, har ein blodig kniv i lomma. Men Kolbjørn Kristiansen finn ut at saka er meir komplisert enn det ser ut til, og nøstar opp ei 40 år gammal historie; eit dødsfall i 1932.

Nok ei spennande K2-historie, i gjennomført retrostil.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 02/11/2018 tommar 70-talet, lahlum, norge, oslo, uløyste saker

 

Hans Olav Lahlum – KATALYSATORMORDET

Lettbeint retrokrim frå vestkanten

Ei ung og tilsynelatande skremt jente spring etter trikken som Kolbjørn K2 Kristiansen sit på, og rekk den akkurat ikkje. Seinare vert ho funnen død i sporet, og K2 får saka. Han kontaktar som alltid den unge Patricia, lenka til rullestolen etter ei ulukke, og med ei av dei skarpaste hjernene i kongeriket.

Det viser seg at drapsofferet Marie Morgenstierne var ein del av ei gruppe unge radikalar, der leiaren deira, Falko Reinhardt, som også var kjæraste til Marie, forsvann sporlaust i Valdres nokre år tidlegare.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/10/2018 tommar 70-talet, lahlum, norge, oslo