RSS

Kategoriarkiv: larsson (åsa)

Åsa Larsson – SPILT BLOD

spiltblodI den Nord-svenske bygda Jukkasjärvi, vert presten og feministen Mildred Nilsson drept, og hengt etter ei kjetting inne i kyrkja.

Etterforskinga gir ikkje politiet mykje å arbeide etter, og etter kvart trappar dei ned heile etterforskinga.

Seinare kjem advokat Rebecka Martinsson til bygda for å hjelpe kyrkja med det juridiske i samband med drapssaka. Når ho finn både truslar og avslørande brev blant sakene til Nilsson, kjem etterforskinga i gong igjen.

(2004)

Les Meir

Reklame
 

Åsa Larsson – ET OFFER TIL MOLOK

EtoffertilMolokEin stor bjørn vert felt og inne i bjørnen finn dei restar av eit menneske. Litt seinare vert ei kvinne brutalt drepen i same området, og barnebarnet ser ut til å ha overlevd angrepet fordi han har gøymd seg.

Rebecka Martinsson byrjar å sjå på saka, og finn ut at veldig mange i familien til drapsofferet har døydd på ukjent vis, eller vorte drepne. Barnet Marcus er den einaste som er igjen i familien, og no virkar det også som om nokon prøver å drepe han.

(2012)

Les meir

 

Åsa Larsson – TIL DIN VREDE GÅR OVER

To svenske ungdommar er i Nord-Sverige for å dykke etter eit flyvrak. Dei finn vraket i eit islagt vatn, og festar ei sikkerheitssnor før dei dykker. Men medan dei er nede, løsnar snora. Og på veg opp, oppdagar dei at nokon har lagt ei stor, grøn dør over åpninga. Begge druknar og etteforskaren Anne-Maria Mella og statsadvokat Rebecka Martinsson får saka.

Ein spennande og stemningsfylt krim, med eit ganske så ubehagelig dobbeltdrap i starten.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/09/2009 tommar advokat, larsson (åsa), politi, sverige