Den tredje og siste boka i Millennium-trilogien. Den startar der forrige bok sluttar, med Lisbeth Salander på sjukehus og Zalatasjenko i naborommet. Blomkvist og Millennium jobbar med saka om Salander og Zalatsjenko, medan andre krefter i Säpo prøver å få styrt rettsaka dit dei vil ha den.
Der bok 2 var ein liten nedtur, leverer tredjeboka verkeleg varene. Ein murstein på 700 sider, noko lenger enn dei to forrige, men spekka av action, og nærmast umuleg å legge frå seg.
Hemn er den raude tråden, og sjølv om dei siste 200 sidene er eit sigerstog i så måte, så er det likevel fantastisk lesing.
(2007)