RSS

Kategoriarkiv: larvik

Jørn Lier Horst – HULEMANNEN

hulemannenEin av naboane til Wisting vert funnen død i heimen sin. Han har site der i 4 månader før nokon finn han. Line Wisting, journalist i VG, bestemmer seg for å skrive ein featurereportasje om einsemd, på bakgrunn av dette.

Samstundes dukkar eit nytt lik opp. Dette vert funne under eit tre i skogen, og analyser fører til ein ettersøkt mann. Ein svært ettersøkt mann, faktisk. Langt oppe på FBI si «Most Wanted»-liste. Så er spørsmålet; kva i granskauen gjorde han under eit juletre i vesle Norge?

(2013)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – JAKTHUNDENE

jakthundeneDenne gongen vert William Wisting suspendert på grunn av mistanke om fikling med bevis i ei 17 år gammal sak.

Rudolf Haglund har site i fengsel for bortføringa og drapet på den unge jenta Cecilia Linde. Men no ser det ut til at han vart dømt fordi nokon planta bevis.

Wisting prøver å finne ut av saka medan han er suspendert, medan dottera Line hamnar midt oppe i ei drapssak i Fredrikstad.

(2012)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – DEN ENESTE ENE

denenesteene

Kajsa Berg, handballspelar på Larvik og landslaget, forsvinn sporlaust på veg til trening. Medan leiteaksjonane pågår, vert ein død person funnen i skogen etter ein skogbrann. Vedkomande er lenka fast til eit tre.

Jørn Lier Horst er virkeleg i ferd med å etablere seg som ein av dei aller fremste norske krimforfattarane.

(2007)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – FELICIA FORSVANT

felicia forsvantBok nummer 2 om William Wisting. Denne gongen er det ei gammal sak som dukkar opp, når politiet finn eit garderobeskap som inneheld eit kvinnelik, under ei veiombygging.

Ikkje lenge etter dukkar også ei ny forsvinningssak opp, og Wisting og teamet får hendene fulle.

Ei ny truverdig og velskreven bok frå den tidlegare politimannen Lier Horst.

(2005)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – NATTMANNEN

Eit av forfattarnamna ein høyrer om ofte, men som eg aldri har lese før. Prøvde å finne den fyrste boka, men måtte ta til takke med denne, som til gjengjeld såg veldig spennande ut på baksida.

Midt på torget i Larvik finn dei hovudet av ei ung jente tredd på ein stake. Nokre dagar seinare dukkar liket av ein mann opp i ein sjø.

Politimannen William Wisting har få ledetrådar når han skal bjynde å nøste opp i saka. Heldigvis er døtra Line, som no er journalist i VG, på veg til heimbyen for å dekke ei anna sak, då denne dukkar opp. (Reknar med ho har vore med i tidlegare bøker også)

Alt i alt ein spennande og fartsfylt krim, der politimannen Lier Horst absolutt har stålkontroll på det polititekniske.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/11/2011 in barn, larvik, lier horst, norge, politi