RSS

Kategoriarkiv: las vegas

Jan-Erik Fjell – LYKKEJEGEREN

Internasjonalt snitt

I ein gammal Cadillac finn politiet i Østfold restane av ei gammal menneskehand. Anton Brekke set funnet i samanheng med ei kvinne som vert funnen drept på eit søppelanlegg i området.

Parallelt følger me ei historie om ei norsk kvinne i Las Vegas, og etter kvart knyttast disse to sammen, og speleavhengige Brekke vert sendt til Vegas.

Ei massiv bok, med historier som blir godt nøsta opp, og ei spenning som held seg heile vegen.

(2016)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/09/2018 tommar 70-talet, fjell (jan erik), las vegas, usa

 

Michael Connelly – MANNEN I BAGASJEROMMET

mannenibagasjerommetMørkt og trist i Las Vegas

Nok ei fantastisk krimbok frå Michael Connelly. Denne boka kom ut så langt tilbake som i 1997, men går likevel dagens utgivelsar ein høg gong. Det er ikkje mykje som er datert i disse bøkene.

Ein mann vert funnen drepen i bagasjerommet på ein Rolls Royce, i bakkane over Los Angeles. Harry Bosch får saka, som raskt fører han til Las Vegas, og livets dystrare sider.

Spennande frå start til slutt, men det mest imponerande er mangelen på sjokkerande hendingar og plott, som me gjerne ser i nyare krimbøker. Sjølve plottet her er så trivielt og «vanleg», og likevel får Connelly boka til å virke meir spennande enn det meste anna du kjem til å lese.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje treng sjokk og gørr for å like ein god krim.

(1997)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 27/12/2012 tommar bosch, connelly, las vegas, los angeles, mafia, politi, usa