RSS

Kategoriarkiv: lege

Stein Riverton – MORDEREN FRA MØRKET

morderenimørketDen døde og hevngjerrige legen

Apotekar Frykman, som kontrollerer vekslar for banken, oppdagar at ein god venn som er lege, Dr. Flodin, har begått underslag. Han veit han må sei frå, men gir legen ein frist på åtte dagar til å ordne opp, men dagen før fristen går ut, kastar doktor Flodin seg ut frå ei ferge. Han vert aldri funnen. Men så vert apotekaren funnen drept i apoteket, og to landstrykarar vert arrestert. Men ein felles venn av dei to, ein kaptein, veit at den einaste som hadde ein grunn til å ta livet av Frykman, er Flodin, som framleis ikkje er funnen.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal og klassisk norsk krim.

(1914)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/03/2023 tommar 1910-1919, forsvinning, lege, riverton

 

Freeman Wills Crofts – THE HOG´S BACK MYSTERY

hogsbackmysteryEin mindre kjent krimhelt frå 30-talet

Julia Earle og mannen, legen James Earle, bur langt frå folk, og har derfor sjeldan besøk. Då er det sjølvsagt ekstra stas når Julia får besøk av både systera Marjorie og venninna Ursula. Men kort tid etter ankomst, merker Ursula både at venninna Julia har eit forhold til ein yngre nabo, og ho ser legemannen i byen med ei anna kvinne. Og som ikkje det er nok, så forsvinn plutselig James Earle, utan spor. Sist sett i berre tøfler, lesande på dagens avis

Politiet vert tilkalla, men kjem ingen veg, og må til slutt tilkalle inspektør Joseph French frå Scotland Yard.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode, gamle britiske krimhistoriene. 

(1933)

Les meir

 

Peter May – LOCKDOWN I LONDON

lockdownilondonPlutselig relevant krim

Ei 15 år gammal bok, vart plutselig hyperaktuell i fjor. Spørs om ikkje forfattaren, som seinare har bygd seg opp eit svært godt rykte, skulle ønske den ikkje vart henta opp att.

London er stengt ned på grunn av eit virus. Sjukehus må byggjast raskt, men på ei av tomtene vert arbeidet stoppa når nokon finn skjelettet av eit barn. Etterforskar Jack MacNeil, som skal slutte i politiet, får saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du etter eit år med korona framleis ikkje har fått nok pandemi.

(2005)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/06/2021 tommar england, forskar, lege, london, pandemi, politi

 

Ruth Lillegraven – ALT ER MITT

altermittSpennande thriller på to skriftspråk

Ein ung gut kjem til Ullevål sjukehus med tydelege teikn på mishandling. Faren, som mest truleg er ein av dei som står bak mishandlinga, vert funnen drept på bønnerommet på sjukehuset seinare på kvelden. Det vellukka ekteparet Clara og Haavard vert begge involvert; Haavard som barnelege på sjukehuset, og Clara i  justisdepartementet, der ho jobbar for barn sine rettigheiter. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god norsk psykologisk thriller.

(2018)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 05/04/2021 tommar barn, lege, lillegraven, norge, oslo, vestlandet

 

SJ Bolton – DE UTVALGTE

deutvalgteSkumle legender på Shetland

På Shetland prøver ei kvinne å begrave sin nylig døde hest på den nye garden ho har kjøpt. Men under gravinga finn ho levningane av ei kvinne, som ikkje ser ut til å ha vore død så lenge, og som ser ut til å ha vore offer for eit slags rituelt drap. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim basert på skumle myter og legender.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/02/2021 tommar barn, bolton, lege, ritual, sagn, shetland, skottland

 

Torkil Damhaug – SE EN ANNEN VEI

Gateaction frå Budapest

To unge gateguttar stjel ei veske i Budapest, og får mektige krefter etter seg. Ved ei tilfeldigheit viklar den norske medisinstudenten Marlen Glenne seg inn i dødelige jakta på innhaldet i veska.

Samstundes har Glenne ei mørk historie frå heimlandet i bagasjen, som gradvis vert avdekka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar fartsfylt forfølgelseskrim i mafia-gata.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/07/2020 tommar barn, budapest, damhaug, lege, student, ungarn

 

John Dickson Carr – DEATH WATCH

Klokkemysterie for dr. Gideon Fell

Eit skrik får dr Gideon Fell og ein kollega til å springe etter lyden. I huset til ein klokkemakar, finn dei ein død uteliggar, og rundt liket står husfrua Eleanor Carver, Calvin Boscombe, som held ein pistol, og den tidlegare politisjefen Peter Stanley. Men den døde er ikkje skoten, men stukken med langvisaren til ei stor klokke.

Det viser seg at den døde slett ikkje er ein uteliggar, men ein undercover politimann, som jakta på ein drapsmann i dette huset. Og dei tre vitna fortel ganske forskjellige historier om kva som har skjedd.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god gammal svart/kvitt-krim, med ein detektiv full av patos, med kappe og hatt og kropp som sjølve julenissen. 

(1935)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/05/2020 tommar 30-talet, dickson carr, england, lege

 

Waldemar Brøgger – MORFINDOKTOREN NEKTER SEG SKYLDIG

Inspirert av ei sann sak

Ei rik, gammal kvinne døyr av ei overdose morfin, og legen hennar arvar både huset og ein stor pengesum. Som om ikkje det skulle vere mistenkeleg nok, så har legen også skrive i avisene, om aktiv dødshjelp.

Boka er basert på ei engelsk sak, der ein lege var anklaga for å ha gitt pasienten sin ei overdose morfin.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fascinert av giftmord, arv og legar som prøver å reinvaske seg sjølv.

(1958)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/09/2019 tommar 50-talet, brøgger, gift, lege, norge

 

Emile Gaboriau – DEN LILLE GAMLINGEN FRA BATIGNOLLES

Fransk pionér

Monsieur Godeuil er ein nyutdanna lege Paris, og vert kjent med mannen som bur rett over gangen. Denne, Monsieur Mechinet, viser seg å vere etterforskar, og endar opp med å ta med seg Godeuil ut på ei sak, der ein eldre mann er drept.

Den døde har skrive namnet på drapsmannen i sitt eige blod, og den skuldige vert arrestert. Men så finn Godeuil ut at den arresterte ikkje kan vere den skuldige, men då har mannen allereie tilstått.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle historier, og er interessert i korleis krimhistoriene var i starten, og dette er ei av dei aller fyrste detektivhistoriene.

(1876)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/08/2019 tommar 1800-talet, frankrike, gaboriau, lege, paris, politi

 

Øvre Richter Frich – DE SORTE GRIBBER

Jonas Fjeld flyg igjen

Denne fjerde boka i serien startar med at ein stor folkefest på Karl Johan vert angripen av «de sorte gribber», dei svarte flya til den internasjonale anarkistrøyrsla.

Legen Jonas Fjeld er nok ein gong i kamp mot anarkistane som vil ta over Europa. Denne gongen er det sonen til Francois Delma, Jacques, og den tyske storskurken Josias Saimler som er motstandarane.

Dei svarte gribbane skaper uro over heile Europa, men heldigvis har den vesle finnen, Ilmari Erko, laga eit heilt fantastisk fly, som kan ta opp kampen.

Det seiast at dette skal vere ei av dei beste bøkene om Jonas Fjeld, men er ikkje heilt sikker på om det stemmer.

(1913)

Les meir