RSS

Kategoriarkiv: lemaitre

Pierre Lemaitre – BRUDEKJOLEN

brudekjolenAlle historier har to sider

Den unge Sophie har alt ho kan drøyme om. Draumemannen, ein jobb folk flest kan sjå langt etter, flott leiligheit og ei baby i magen. Men stadig oftare får ho ei kjensle av å gløyme ting, ikkje huske kvar ho har lagt frå seg noko, kvar ho har parkert, og ho har blackouts. Litt etter litt, mister ho det perfekte livet, bit for bit. Det heile toppar seg når ho vaknar og finn guten som ho er dagmamma for, død. Ho huskar ingenting, og må berre kome seg vekk. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for psykologiske hevnthrillerar.

(2009)

Les meir

Reklame
 

Pierre Lemaitre – EN HELVETES JOBB

Arbeidsløyse-thriller

Alain Delambre er 57 år, og har vore arbeidsledig, og avhengig av strøjobbar i fire år. Når eit tilsynelatande for-godt-til-å-vere-sant-tilbod kjem rekande, er han den einaste som ikkje vil sjå at det er nettopp det. Han ofrar alt, for å endeleg kome i arbeid igjen, før han innser realitetane. Men då har han gått for langt.

* Boka kom opprinneleg i 2010, men kom på norsk i år.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historier om folk som vert pressa så langt at dei klikkar.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/09/2020 tommar frankrike, gissel, lemaitre, paris, rettsak

 

Pierre Lemaitre – IRENE

Bestialsk og eksplisitt

Ein knallhard forgjengar til Alex, der eit svært bestialsk dobbeltdrap vert knytta til ei tidlegare, uløyst sak.

Bedre vert det ikkje når ein finn ut at drapet er svært likt eit drap i ei kjent krimbok, og det viser seg at begge drapa er kopiar.

* Denne boka kom ut etter Alex i Norge, men er altså skriven fem år tidlegare.

2006

Les meir

 

Pierre Lemaitre – ALEX

alexDen vakre Alex vert kidnappa og bortført i ein varebil i Paris. Når ho kjem til seg sjølv, er ho innestengt i eit bur som er så lite og trangt at ho ikkje klarer å sitje opprøyst. Kidnapparen er sjeldan innom, men andre viser stadig meir interesse for henne: Rottene.

Politiet, under leiing av Camille Verhoeven, leitar i blinde, både etter gjerningsmann og motiv.

(2011)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 18/05/2016 tommar frankrike, kidnapping, lemaitre, paris