RSS

Kategoriarkiv: lier horst

Jørn Lier Horst – FORRÆDEREN

forræderenKva gjer politimannen når saka blir personlig?

Eit stort jordras, der fleire hus forsvinn, er inngongen til denne. Alle i området ser ut til å ha vorte berga ut i live, men litt seinare finn politiet ein død person. Det viser seg derimot at denne har vore død ei stund, og er drept. Vedkomande viser seg å ha tilknytting til ei svensk etterforsking, og plutseleg viser det seg at dette er større en ein først trudde. Så vert Wisting personlig involvert. Litt for personlig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi serien om William Wisting alltid har eit høgt nivå over seg.

(2022)

Les meir

Reklame
 

Thomas Enger, Jørn Lier Horst – ARR

arrEin innsidejobb

Alexander Blix sit i fengsel for drap, men ei etterforsking på utsida får bruk for hjelpa hans. Ein tysk drapsmann har rømt, og har etter alt å dømme kome seg til Norge. Journalisten Emma Ramm vert bindeleddet mellom han og omverda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim der helten må ordne opp frå innsida av fengselet.

(2022)

Les meir

 
 

Thomas Enger, Jørn Lier Horst – SLAGSIDE

slagsideBlix tek saka i eigne hender

Den unge og lovande politikvinna Sofia Kovic vert drept i sin eigen heim. Iselin, dottera til Alexander Blix sit i etasja over, og plutselig vert drapsmannen oppmerksom på henne, og prøver å rydde henne av vegen. Ho unnslepp, men drapsmannen gir ikkje opp.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei to foregåande og har fått smaken.

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 31/05/2022 tommar enger, lier horst, norge, oslo, politi

 

Jørn Lier Horst – GRENSELØS

grenseløsWorld Wide Wisting

Eit crowdsolving-nettsamfunn jobbar med å løyse ei drapssak i Spania, der ein australsk backpacker er offeret. Eit av medlemmane i gruppa kallar seg Astria, og meiner ho er nær ei løysing, før det vert heilt stille frå henne. Då kontaktar leiaren av gruppa Wisting, for å få hjelp. Det virker nemlig som om Astria held til i Stavern-området. Samtidig dukkar det opp ein forlatt bil med spanske skilt utanfor Larvik.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du du likar krim som tek for seg moderne fenomen.

(2021)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – KATHARINA-KODEN

katharinakodenWisting i sitt rette element

Nok ei uløyst sak for William Wisting. Det er 24 år sidan Katharina Haugen forsvann, og kvart år på denne datoen har Wisting besøkt mannen Martin Haugen. Men i år er også Martin tilsynelatande sporlaust borte.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi komboen Wisting og uløyste, gamle saker er heilt i di gate.

(2017)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – ILLVILJE

illviljeGamle skjelett dukkar opp att

Levningane etter ei ung jente vert funne Svartskog, og måten jenta er drept på, liknar på metodene til seriemordar Tom Kerr og hans medhjelpar «den andre». Kerr er i fengsel, og seier ja til å vere med på ein rekonstruksjon av eit av drapa han har begått, ute i felten. Men noko går gale, og Kerr klarer å stikke av, framfor nasa på Wisting.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Wisting og cold case-saker.

(2019)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – DET INNERSTE ROMMET

detinnersterommetEin potensiell politisk skandale

Den respekterte AP-bautaen Bernhard Clausen døyr, og det vert gjort funn på hytta hans, som potensielt kan vere skadeleg for ikkje berre partiet, men nasjonen. Williams Wisting er ein av få som vert sett på den topphemmelige saka, for å finne ut kva det eigentleg dreier seg om.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du krim som ser litt tilbake i tid.

(2018)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – NÅR DET MØRKNER

nårdetmørkner80tals-Wisting

William Wisting mimrer tilbake til den gongen han var fersk politimann, og fekk ei cold case-sak frå 20-talet som han måtte løyse. Eit slags dobbelt tilbakeblikk. Han finn ein bil med kulehol på ein gammal låve. Denne bilen var sentral i ei sak frå 20-talet som aldri vart løyst, og 80-tals-Wisting må leite i arkiva på gamlemåten, for å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for cold case-saker.

(2016)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – BLINDGANG

blindgangSolid Wistingkrim

Ei uløyst sak om ein forsvunnen drosjesjåfør plagar William Wisting, og når eit funn gjer at saka vert varm igjen, er han ikkje vond å be. Problemet er berre at gjerningsmannen dei nye funna peiker mot, har eit solid alibi; han sit i fengsel for eit drap i Kristiansand.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi bøkene om Wisting er blant dei aller beste norske krimseriene nokon gong.

(2015)

Les meir

 

Jørn Lier Horst – SAK 1569

sak1569Solid, utan å vere spektakulær

William Wisting får tilsendt eit anonymt brev, med ein talkombinasjon. Talet peiker mot indeksnummeret i ei gammal sak, der ei jente vart drept på veg heim, og ekskjæresten dømt for drapet. Han er no ferdigsona, og mykje tyder på at den som har sendt brevet, er nokon som meiner han er uskyldig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har solide krimgåter utan så mykje jåleri. 

(2020)

Les meir