RSS

Kategoriarkiv: lillestrøm

Torkil Damhaug – SIKRE TEGN PÅ DIN DØD

sikretegnpådindødEin hardt skadd mann forsvinn frå Akershus Universitetssjukehus, og dukkar seinare opp død i eit skap i kjellaren.

Sigurd Woods oppdagar at den svenske kjærasten hans har hemmeligheiter for han, og flyktningen Arash ser spøkelser frå fortida.

Og midt i dette spindelvevet, finn me Jennifer Plåterud, som har relasjonar til alle dei sentrale skikkelsane.

(2013)

Les meir

 

Torkil Damhaug – ILDMANNEN

Ei splitter ny bok frå Damhaug.

Ein stall brenn ned i området Lillestrøm/Lørenskog. Nesten 30 hestar brenn inne. Seinare krev andre brannar menneskeliv.

Ein ung gut vert forelska i ei pakistansk jente, og kjem i trøbbel med broren og familien til jenta. Han rotar seg bort i ei nasjonalistisk gruppering.

Ein journalist som dekker brannsakene, finn eit glas vatn ved senga til den vesle dottera si om morgenen, eit glas ho ikkje kunne fått tak i sjølv.

Dei fyrste sidene i denne boka var tunge. Ei lang bok, ein litt treig start, men så skjer det noko. Etter rundt 30 sider, og over dei neste 400 eller så, er boka i ei klasse for seg sjølv. Damhaug har skreve bra før, i Se Meg Medusa og Døden ved Vann, men dette er noko anna.

Ildmannen har kanskje ikkje den mest spennande krimhistoria i seg. Langt derifrå. Men Damhaug skriv på ein måte som ingen annen, sjølv ikkje Jo Nesbø klarer å fange lesaren på denne måten. Boka er så og seie umulig å legge frå seg, og det til tross for at krimhistoria ikkje er så genial.

Ut frå dei bøkene eg har lese hittil i år, så vil eg påstå at ingen norske krimforfattarar når Damhaug til knea når det gjeldar forteljarevne, dramaturgi og språk. Litt treig start, og ei litt lite eksotisk historie trekk litt ned, hvis ikkje hadde denne boka nok vore blant topp 3 av alle bøkene på disse sidene.

(2011)

Les meir