I 1928 vert ei ung jente funnen drept i eit nedlagt verkstedlokale. Augevitne har både sett ein mann og ein bil på staden, men likevel viser det seg veldig vanskelig å kome vidare i saka.
I 1953, nesten 25 år seinare, er saka i ferd med å verte forelda, og etterforskingsleiaren John Stierna, som har fått resten av karrieren merka av denne eine saka, har framleis ikkje gitt opp håpet.
Ei stemningsfull og til tider svært spennande bok, frå den svenske debutanten. (I følge omslaget er Ljunghill både utdanna kriminolog, og jobbar som journalist.)
(2012)