RSS

Kategoriarkiv: lofoten

Frode Granhus – FORSVINNINGEN

Sterk avslutning

Den siste boka om Rino Carlsen, gitt ut etter at Frode Granhus døde.

Ein mann vert funnen, naken, forslått, og lenka til båsen i ein gammal, forlatt fjøs. I fjøsen har nokon skrive «Den som kunne ha forhindret», og Rino meiner saka kan ha samanheng med ei gammal dyremishandlingssak, og at det dreier seg om hevn.

Samstundes ser bygdas tidlegare lensmann på ei sak han aldri klarte å løyse, der ei elleve år gammal jente forsvann frå heimen sin, på 17.mai i 1972. Ho var aldri funnen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, spennande krim i storslåtte omgivelsar.

(2018)

Les meir

Reklame
 

Frode Granhus – FORLISET

Lofot-uhygge

Ein fotograf som er ute for å forevige det vakre desemberlyset i Lofoten, får auge på ei tønne som har frose fast i isen. Når nysgjerrigheita tek overhand, viser det seg at tønna inneheld levningane av eit menneske.

Kan tønnefunnet ha samanheng med eit forlis som skjedde i same området fleire år tidlegare?

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/07/2018 tommar granhus, kystliv, lofoten, nord-norge, norge, politi

 

Frode Granhus – KISTEMAKEREN

kistemakerenNokon finn ein videokassett i ei grøft, og filmen viser nokon som er innstengd i ei kiste. Nokre år tidlegare var det ei ung jente som påsto at ho hadde vore innestengd i ei kiste, og innhaldet på filmen kan tyde på at historia til jenta stemte.

Rino Carlsen er tilbake i Reine i Lofoten, og i denne fjerde boka må han løyse ei gammal sak, om den då verkeleg er så gammal.

(2015)

Les meir

 

Frode Granhus – DJEVELANGER

djevelangerEi seks år gammal jente forsvinn når ho er ute og trillar på dokkevogna si. Faren, ein slags svovelpredikant, seier at han ser ho kjem til å kome tilbake etter tre dagar. Dette gjer han til ein av dei hovudmistenkte.

Samstundes er eit tjern i ferd med å tørke ut, og ei gammal hemmeligheit er i ferd med å verte avdekka.

I tillegg får Rino Carlsen ein ung og attraktiv kollega på politihuset.

Den skumle stemninga frå Malstrømmen er borte, men du verden kor Granhus tek igjen det igjen i historiebygging og dramaturgi.

(2014)

Les meir