RSS

Kategoriarkiv: lorac

E. C. R. Lorac – THESE NAMES MAKE CLUES

thesenamesmakecluesSelskapsleik som går gale

Den berømte forleggaren Graham Coombe inviterer ei gruppe krimforfattarar, samt sjefsinspektør MacDonald frå Scotland Yard, til ein kveld med litterær skattejakt. Ingen av deltakarane har møtt kvarandre frå før, då dei fleste skriv under pseudonym, og sjeldan viser ansiktet sitt. I tillegg får alle utdelt eit nytt litterært pseudonym når dei kjem, så ingen skal vite kven dei andre er. 

Men, all førebuing og hemmeligheitshald til tross, konkurransen er knapt i gong, før ein av deltakarane, med det utdelte namnet Samuel Pepys, vert funnen død på eit kontor deltakarane får bruke til å ta telefonar, for å finne løysingar på gåtene dei jobbar med. 

MacDonald må løyse den uoversiktlige saka, som ikkje akkurat vert noko enklare av at heile huset er fullt av folk med falsk identitet, som leiter etter skjulte spor, som MacDonald må avgjere om er ekte eller ein del av leiken.

Forfattaren, som også var glad i leik med namn, heiter egentlig Edith Caroline Rivett (ECR), men var kalla Carol, og la kallenamnet sitt baklengs, og brukte det som forfattarnamn, Lorac. Ho var medlem av the Detection Club, og ein av forfattarane som inngår i the Golden Age of Detective fiction.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode gamle gåteløysande krimhistoriene.

(1937)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/03/2023 tommar england, forfattar, lorac, politi