RSS

Kategoriarkiv: mafia

Richard Osman – MANNEN SOM DØDE TO GANGER

mannensomdødetogangerDen vanskelige andreboka

Eksmannen til Elizabeth tek kontakt, fordi mafiaen skuldar han for å ha stole ein del diamantar. Torsdagsmordklubben får ei ny sak i fanget, og løyser den på (nesten) like sjarmerande vis som sist

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar hyggelig kosekrim, som i tillegg er litt smart.

(2021)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/03/2022 tommar england, mafia, osman, pensjonist, politi

 

Torkil Damhaug – SIKRE TEGN PÅ DIN DØD

sikretegnpådindødEin hardt skadd mann forsvinn frå Akershus Universitetssjukehus, og dukkar seinare opp død i eit skap i kjellaren.

Sigurd Woods oppdagar at den svenske kjærasten hans har hemmeligheiter for han, og flyktningen Arash ser spøkelser frå fortida.

Og midt i dette spindelvevet, finn me Jennifer Plåterud, som har relasjonar til alle dei sentrale skikkelsane.

(2013)

Les meir

 
 

Michael Connelly – MANNEN I BAGASJEROMMET

mannenibagasjerommetMørkt og trist i Las Vegas

Nok ei fantastisk krimbok frå Michael Connelly. Denne boka kom ut så langt tilbake som i 1997, men går likevel dagens utgivelsar ein høg gong. Det er ikkje mykje som er datert i disse bøkene.

Ein mann vert funnen drepen i bagasjerommet på ein Rolls Royce, i bakkane over Los Angeles. Harry Bosch får saka, som raskt fører han til Las Vegas, og livets dystrare sider.

Spennande frå start til slutt, men det mest imponerande er mangelen på sjokkerande hendingar og plott, som me gjerne ser i nyare krimbøker. Sjølve plottet her er så trivielt og «vanleg», og likevel får Connelly boka til å virke meir spennande enn det meste anna du kjem til å lese.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje treng sjokk og gørr for å like ein god krim.

(1997)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 27/12/2012 tommar bosch, connelly, las vegas, los angeles, mafia, politi, usa

 

Jens Lapidus – CASH

Undergrunnsmiljøa i Stockholm. Tre historier vert fletta inn i ei.

Sentralt står ein torpedo i den eks-jugoslaviske mafiaen, ein småkriminell narkolangar, og ein ung stureplanwannabe, som vil imponere jentene. Alle er dei på jakt etter å gjere raske pengar.

Fartsfylt og voldsomt, frå eit noko fjernt miljø.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/12/2010 tommar lapidus, mafia, stockholm, sverige

 

Jan Erik Fjell – TYSTEREN

Ein oljemagnat, og Fredrikstad sin rikaste mann vert drepen. Han er eigar i eit oljeselskap som er i ferd med å gjere store pengar på eit prosjekt i Canada. Men i siste liten, bestemmer han seg for at firmaet skal trekke seg ut, til stor protest frå partnerane.

Anton Brekke frå Kripos, ein pokerelskande etterforskar, er den som skal løyse saka.

I ei parallellhistorie fylgjer me den italienske mafiaen i New York, der ein tystar vert drept som ei opptaksprøve ein gong på 60-talet.

(2010)

Les meir

 

Robert Wilson – BLODETS BÅND

To bilar kolliderar på motorvegen utanfor Sevilla. I den eine bilen finn politiet ein russar som er sentral i mafiaen på Costa del Sol. Og i bagasjerommet har han 8 millionar euro, i tillegg til ein del diskettar. Russaren har vore på veg over til ei konkurrerande mafiagruppering.

Falcon etterforskar saka som drap, samstundes som fleire faktorar frå dei tidlegare bøkene framleis er sentrale. Så vert den 8-årige sonen til Consuela Jimenez, av og på-kjæresten til Falcon, kidnappa.

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 02/07/2009 tommar falcon, mafia, politi, sevilla, spania, wilson