RSS

Kategoriarkiv: maigret

George Simenon – MAIGRET GJØR EN TABBE

maigretgjørentabbeSlaktardrama

Eit gammalt spøkelse frå Maigret si fortid dukkar opp på kontoret, og ber om beskyttelse frå politiet. Maigret ser ut til å løyse saka enkelt, men gjer ei tabbe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Maigret, og dei litt saktare, gamle krimhistoriene.

(1953)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/09/2020 tommar 50-talet, frankrike, maigret, simenon

 

Georges Simenon – MAIGRET SETTER EN FELLE

Bok nr 49 om Maigret

Paris, 1955: Fire kvinner har vorte drept på gata i Montmartre. Det virkar ikkje som om det er nokon samanheng mellom drapa. Maigret får i oppgave å stoppe drapsmannen, før det blir fem offer.

Den saktmodige detektiven prøver å lokke den skuldige i ei felle, og siktar seg inn på tre potensielle kandidatar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den franske stemninga, og ikkje har noko i mot at det går litt sakte. 

* NB. I nyutgivingane som har kome dei siste åra, er denne boka nr 48, og ikkje 49, som den eigentleg var. La Femme Rouse (den raudhåra), frå 1933, var nr 19 i den originale rekkefølga, men kom av ein eller annan grunn ikkje med i nyutgivingane.

(1955)

Les meir

 
 

Georges Simenon – MAIGRET OG PETER FRA LATVIA

Storsvindlar i Paris

Maigret får beskjed via Interpol om at ein internasjonal svindlar er på veg til Paris. Maigret får eit glimt av ein som passar skildringa av mannen, i det han går av toget. Men før han får fulgt etter den mistenkte, vert han ropt inn på toget, der ein død mann vert funnen. Liket i kupeen passar også veldig godt til skildringa av «Peter frå Latvia».

Maigret finn mannen frå toget på eit hotell, der han har teke inn under eit anna namn. Etterforskinga av den døde fører Maigret til ein norsk mann som også stemmer til skildringa av Peter. Til slutt sit etterforskaren igjen med fire forskjellige identiterar som alle kan vere svindlaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vert nostalgisk av gammal krim, og ikkje er så nøye på at det går litt sakte.

(1931)

Les meir

 
 

Georges Simenon – MAIGRET PÅ EGEN HÅND

Langsom franskmann

Maigret er pensjonert, men på grunn av ei tabbe nevøen hans gjer i tjenesten, vert han tvungen tilbake for prøve å reinvaske slektningen

Maigret har gjort comeback på skjermen, med ein imponerande Rowan Atkinson, men dette er er nok ikkje den av Maigret-bøkene som er best tilpassa vår tid.

Dette er bok nr. 19 om detektiven, alle 19 skrive i løpet av ca 4 år.

(1934)

Les meir