RSS

Kategoriarkiv: malaga

Liza Marklund – EN PLASS I SOLEN

Livstid del II

Ei svensk familie vert drept under eit ran i Malaga, og Annika Bengtzon reiser ned for å lage sak på det, og kjem sjølvsagt over detaljer som tyder på at dette er noko anna enn det det fyrst ser ut til.

Den forrige boka, Livstid, var rotete og beit over litt mykje, men den vert berre barnemat samanlikna med denne. Historia er uoversiktleg, prøver på altfor mykje, og i tillegg er den ganske meiningslaus uten at du les Livstid fyrst. Livstid hadde også referanser til Nobels Testamente, som var boka før i serien, men dei referansene var ikkje avgjerande for historia. Her må du vite kva som har skjedd i den forrige for å få noko utbytte.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest Livstid fyrst. 

(2008)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/08/2020 tommar malaga, marklund, narkotika, spania, sverige