RSS

Kategoriarkiv: marklund

Liza Marklund – POLARSIRKELEN

polarsirkelenLitt for dårleg tid i avslutninga

Sommaren 1980 forsvinn ei ung jente sporlaust frå ein liten by nord i Sverige. 39 år seinare vert liket av ei ung jente funnen, murt inne i fundamentet til ei bru som vart støpt i 1980. Dei fem venninnene Carina, Susanne, Birgitta, Sofia og Agneta hadde i 1980 ein lesesirkel dei kalla Polarsirkelen, og no som den femte av dei vert funnen død, samlast dei fire andre på nytt.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som avdekker gamle hemmeligheter. 

(2021)

Les meir

Reklame
 

Liza Marklund – EN PLASS I SOLEN

Livstid del II

Ei svensk familie vert drept under eit ran i Malaga, og Annika Bengtzon reiser ned for å lage sak på det, og kjem sjølvsagt over detaljer som tyder på at dette er noko anna enn det det fyrst ser ut til.

Den forrige boka, Livstid, var rotete og beit over litt mykje, men den vert berre barnemat samanlikna med denne. Historia er uoversiktleg, prøver på altfor mykje, og i tillegg er den ganske meiningslaus uten at du les Livstid fyrst. Livstid hadde også referanser til Nobels Testamente, som var boka før i serien, men dei referansene var ikkje avgjerande for historia. Her må du vite kva som har skjedd i den forrige for å få noko utbytte.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest Livstid fyrst. 

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/08/2020 tommar malaga, marklund, narkotika, spania, sverige

 

Liza Marklund – LIVSTID

Politidrap eller personleg tragedie

Politimann og folkehelt David Lindholm vert drept i sin eigen heim. Kona vert funnen i huset, og vert sikta for drapet. Sonen deira på 4 er forsvunnen.

Journalist Annika Bengtzon er heimlaus etter at huset hennar brann ned, og mannen har stukke av med elskerinna si. Samtidig som ho sjekkar om Julia Lindholm er skuldig eller ikkje, vert ho sjølv mistenkt for å ha tent på sitt eige hus.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar svensk krim med sterke kvinnelege hovedpersonar, a la Vivica Sten, Camilla Läckberg, Ninni Schulman, Åsa Larsson eller Ann Rosman. 

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 15/08/2020 tommar journalist, marklund, politi, stockholm, sverige

 

Liza Marklund & James Patterson – POSTCARD KILLERS

Eit ungt amerikansk par oppsøker eit amerikansk par i Paris, og dei vert sitande og hygge seg utover kvelden. Dei vert gode vener, og det amerikanske paret får det andre paret til å spandere champagne, og kjøpe eit minne om kvelden. Deretter forgiftar dei champagnen, og drep det andre paret.

I forkant av drapet får ei lokal avis eit postkort med eit Shakespearsitat på. Så dukkar det opp eit postkort i ein krimredaksjon i Stockholm. Med eit Shakespearsitat på.

(2010)

Les meir

 

Liza Marklund – NOBELS TESTAMENTE

Journalisten Annika Bengtzon skal dekke Nobelfesten i Stockholm. På denne festen vert Caroline von Behring, leiar av Nobelkomiteen, skoten og drept under dansen. Ho dansa med ein israelsk prisvinnar, og spørsmålet er kven som var mål for skytinga.

I tillegg får Bengtzon pålegg frå politiet om å ikkje skrive noko om drapet i tabloidavisa si, fordi ho er nøkkelvitne i saka.

Det spesielle her er at me kjenner til den kvinnelege mordaren heilt frå drapet vert begått.

Den fyrste Marklundboka eg har lese, og den var slett ikkje så verst, sjølv om den hadde litt for mykje utanomprat etter min smak.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/08/2008 tommar journalist, marklund, stockholm, sverige