Hadde aldri høyrt om denne boka då den vart plukka opp på tilbod, men omslaget lovar bra.
Og boka skuffar heller ikkje. Handlinga er lagt til den arktiske delen av Canada, der læraren og guiden Edie, er ute på jakttur med to turistar, og den eine vert skoten og døyr. Det heile vert avfeid som ei jaktulykke, men Edie er sikker på at det er feil, og med meir eller mindre hjelp av den lokale politimannen, prøver ho å finne ut av det.
Ein spennande og ikkje minst stemningsfull historie, der det harde og for oss, annaleise livet vert glitrande skildra.
(2011)