RSS

Kategoriarkiv: militæret

Arnaldur Indridason – FLUKTRUTEN

fluktrutenKrigskrim på sitt beste

Under andre verdenskrig ventar ei ung islandsk kvinne på forloveden i finske Petsamo (Originaltittel på boka), der dei saman skal ta båt heim til Island. Men forloveden dukkar aldri opp, og ho må reise åleine. 

Heime på Island har etterforskarane Flovent og Thorson nok å henge fingrane i. Liket av ein ung mann vert skylt i land på ei strand, ein annan ung mann vert grovt mishandla av amerikanske soldatar stasjonert på øya, og ei ung kvinne som har vore mykje saman med dei amerikanske soldatane, forsvinn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå andre verdenskrig, og ingen skriv dei som Arnaldur Indridason.

(2016)

Les meir

Reklame
 

Matthew Hall – OFFERLAMMET

offerlammetUro i rekkene

Bok nr 7 om Likskuedommaren:

Den britiske troppen har eit døgn igjen før heimreise frå Afghanistan, men siste kvelden forsvinn ein av soldatane. Ei patrulje vert sendt ut for å finne han, men havnar i bakhold, og ein mann vert drept, og to hardt skadde. Heime i England ventar ein militærlandsby på dei, og returen med to manglande og to skadde kjem som eit sjokk. Men når Jenny Cooper byrjar å sjå på ting, så viser det seg sjølvsagt at det er noko meir mellom linjene her. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim sett i eit militært miljø, der ein nøster opp i gamle saker.

(2017)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – GLEMT

Indridason på sitt beste

Ei tidleg Erlendur-historie, frå slutten av 70-talet. Ein lik vert funne i eit lite vatn utanfor Reykjavik, og spora fører rett til den amerikanske militærbasen.

Samstundes nøstar Erlendur opp i ei gammal sak, som også viser seg å ha tilknytning til eit tidlegare militærområde.

Dette er kanskje ei av dei tre beste bøkene om Erlendur Sveinsson.

(2014)

Les meir

 
 

Ingar Johnsrud – KALYPSO

Krim i verdensklasse

I eit hus på Bygdøy, vert ein mann funnen død. Den gamle enka som bor i huset, er det ikkje spor etter. Etter kvart viser det seg at mannen dei har funne, vart erklært død for 20 år sidan.

Samtidig vert ein annan mann funnen død ein annan stad i Oslo, og det er eit tett band mellom dei to, og ein mann som framleis er i live.

Kan fort vere ei av dei beste norske krimbøkene eg har lest

(2016)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – SKUMRING

Timevis med solid underhaldning

Ein omreisande selgar vert funnen drept i ei leiliheit i Reykjavik. Det er midt under krigen, og nokon har teikna eit hakekors i panna på offeret, som viser seg har ein tysk far.

Drap er forholdsvis nytt i Reykjavik på denne tida (40-talet) og den einaste drapsetterforskaren dei har, er unge Flovent. Sidan saka fort kan ha forgreiningar til alle soldatane som bor på øya, får han med seg den islandsk/canadiske Thorson, som jobbar for militærpolitiet.

Etterforskinga fører dei to (også kjent frå den forrige boka; Skuggasund) gjennom ei rekke miljø, både i og utanfor hovudstaden.

(2015)

Les meir

 

Lee Child – UTEN SVIK

utensvikJack Reacher vert kontakta av Secret Service, som vil han skal teste kor lett det er for ein attentatmann å ta livet av visepresidenten. Reacher gjer som han får beskjed om, men mistenker at det er meir enn ein test.

Og ikkje overraskande: Visepresidenten har fått konkrete truslar. og Secret Service vil ha Reacher si hjelp til å finne ut av det.

(2002)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/08/2015 tommar attentat, child, militæret, usa, washington dc

 

Lee Child – DET ØYET IKKE SER

detoyetikkeserJack Reacher vert vitne til at ei kvinne tek livet av seg i ei t-banevogn under New York. Etterpå vert Reacher oppsøkt av fleire som lurer på om kvinna har sagt noko til han, før ho tok livet av seg.

Politiet meiner det ikkje er meir å etterforske, men Reacher vil finne ut kvifor.

Den trettande boka om Jack Reacher, er ein actionprega og tettpaka krim, som kan minne litt om Jo Nesbø i stilen.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/07/2013 tommar child, militæret, new york, politi, soldat, terror, usa