RSS

Kategoriarkiv: missouri

Gillian Flynn – FLINK PIKE

flinkpikeEi bok som var anbefalt varmt både her og der, og hausa opp med at den har ligge i vekesvis på dei amerikanske bestselgarlistene. Og det er kanskje ein god roman om skjebnene til to personar, men å kalle dette ein krim, er å strekke begrepet særs langt, i alle fall i mine auge.

Kona til Nick Dunne, Amy, forsvinn sporlaust, og mange ting tyder på at ho er drept. Og stadig meir peikar i retning ektemannen som gjerningsmann. Bevis som han ikkje kan forklare.

PS: Denne vart høyrt som lydbok.

PPS: Sjekka i dag, og då ligg denne boka framleis på NY Times si bestselgarliste, for 59 veka.

(2012)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 21/07/2013 tommar flynn, forsvinning, missouri, politi, usa

 

Gillian Flynn – ÅPNE SÅR

Ein ung journalist i Chicago er nettopp tilbake i jobb, etter eit opphald på ein psykiatrisk klinikk. I barndommen mista ho systra si, og etter det begynte ho å kutte seg sjølv, men har no byrja å få ting nokon lunde under kontroll

Så vert ho send til heimbyen Wind Gap i Missouri, der ei ung jente vart drepen for ei tid tilbake, og ei jamnaladrande no er forsvunnen.

Men gjensynet med mora etter alle disse åra vert meir krevande enn venta, og privatlivet i småbyen vert like utfordrande som saka ho skal dekke.

Flynn malar eit spesielt og truverdig bilde av småbyamerika, men handlinga forsvinn litt i alt dette.

(2006)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 07/04/2012 tommar barn, flynn, journalist, missouri, usa