RSS

Kategoriarkiv: mote

Camilla Grebe – NÅR ISEN BRISTER

nårisenbristerSpennande persongalleri

Emma jobbar i klesbutikk, og har innleia eit hemmelig forhold til mannen som eig butikkjeden. Kollegene er nysgjerrige, men ingen kan få vite noko.

Hopp eit par månader fram i tid: Ei ung kvinne vert funnen drept i leiligheita til moteprofilen Jesper Orre. Politiet har problem med å identifisere kvinna, og Orre er sjølv forsvunnen. Men er han gjerningsmannen, eller nok eit offer?

Politiet kontaktar Hanne Lagerlind, som er adferdsforskar, og tidlegare har konsultert politiet, for å få hjelp, men ho er motvillig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på ein ny svensk krimforfattar.

(2015)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/09/2021 tommar grebe, mote, politi, sverige

 

Peter May – JEG SVIKTER DEG ALDRI

jegsvikterdegaldriSeig suppe

Eit ektepar frå Hebridene er i Paris for å selge tweed-stoffet sitt. I forkant av turen har kona, Niamh, fått ein anonym mail om at mannen har ei elskerinne. 

Ein kveld skal mannen Ruairidh ut åleine, og berre nokre 100 meter etter at han har forlete hotellet, eksploderer bilen som han, og elskerinna hans, sit i.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det saktegåande krim frå verharde utkantar.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/06/2021 tommar hebridene, may, mote, paris, skottland

 

Katrine Engberg – BLODMÅNE

Mord i moteverda

Ein motekjendis vert funnet drept etter eit moteshow i København. Ein felles venn av han, og politietterforskar Jeppe Kørner er sakna etter den samme festen. Esther de Laurenti, den gamle huseigaren og amatørkrimforfattaren me møter i fyrste bok, Krokodillevokteren, startar ei parallell etterforskning, som fører fram til eit radioprogram der kjendisar gir folk morsomme råd.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordarmysterier, og historier frå kjendis- og moteverda.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/07/2020 tommar danmark, engberg, københavn, mote, politi