RSS

Kategoriarkiv: natt och dag

Niklas Natt och Dag – 1794

1794Langdrygt og mørkt

Tre historier: Rikmannsonen Erik Tre Rosor vert sendt til Vest-India fordi han heng for mykje med ei langt under sin rang. Lukka har snudd for Anna Stina Knapp, frå 1793; ho ventar born, og får augene på ei formue. Ei anna kvinne som kjem til Mickel Cardell og ber om hjelp. Dottera hennar er død, og ho trur ikkje på historia om at ho er drept i eit ulveangrep. Dei tre historiene vert tvinna saman, i eit mørk og omfattande nett. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar omfattande og historisk krim.

(2019)

Les meir

Reklame
 
 

Niklas Natt och Dag – 1793

Bekmørk historisk krim

I Södermalm vert eit lik utan armar og bein, funne i ein innsjø full av søppel. Skadene er gamle, men liket har ikkje vore dødt lenge. Politiet får hjelp av Cecil Winge, ein ekspert dei har lent seg på tidlegare, ein mann med skrantande helse.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er svak for historisk krim, med omfattande mysterier, og eit snev av det bestialske.

(2017)

Les meir