RSS

Kategoriarkiv: nesbø

Jo Nesbø – KNIV

Er det den beste frå Nesbø?

Den fyrste massemordaren Harry Hole arresterte, vert sett fri. Svein «Forloveden» Finne har sona ferdig.

Ein person som står Hole nær, vert funnen drept i sin eigen heim, og Harry Hole mistenker med ein gong at dette er på grunn av han.

Ein Harry Hole, som kanskje er på sitt lavaste nivå, me snakkar Hong Kong/Thailand-periodene, må løyse si hittil mest personlege sak.

NB: Klikkar du på «Les meir», så finn du spoilerar av historia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god krim og Harry Hole.

(2019)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2019 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Jo Nesbø – MACBETH

Tjukk, skotsk skodde

Det er maktkamp i ein fiktiv by i Skottland. Politimesterstolen er ledig, og det er fleire som vil ha den plassen. Andre har kanskje ikkje tenkt at dei vil ha den, men vert overbevist av sterke krefter i kulissene. I sentrum står barndomskompisane MacBeth og Duff.

Historia er kjend, men i ny innpakning, og det fungerer veldig bra.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/04/2018 tommar nesbø, noir, politi, skottland

 

Jo Nesbø – TØRST

Nok ein oppslukande Hole-krim

Nokon tek livet av ei jente som akkurat har vore på tinder-date, og VG har ei kilde på innsida som kan avsløre fleire detaljar, blant anna at den fyrste jenta har vorte bitt av metalltenner.

Politimester Bellmann er engstelig for at den vanskelige saka skal legge kjepper i hjula for hans eigen karriere, og finn ut at den einaste som kan løyse saka er Harry Hole.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Harry Hole.

(2017)

Les meir

 
 

Jo Nesbø – BLOD PÅ SNØ

blodpåsnøNesbø si fyrste bok om Olav Johansen, ein yrkeskriminell som har funnet ut at det einaste han er flink til er å ta livet av folk.

Han får i oppdrag å ta livet av kona til arbeidsgivaren sin, ein av narkokongane i Oslo. Men Johansen klarer ikkje å gjennomføre drapet, og får likegodt kjensler for den vakre kona.

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/04/2015 tommar 70-talet, leigemordar, nesbø, norge, oslo

 

Jo Nesbø – SØNNEN

sonnenEin ung mann i fengselet tek på seg skulda for andre sine ugjerningar, og vert sitjande i landets mest fluktsikre fengsel i år etter år. Men så rømer han.

Samstundes får politimannen Simon Kefas ei drapsak, der ein fengselsprest vert funnen død i Akerselva. Ein fengselsprest som har vore skriftefar for den rømte fangen.

(2014)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/04/2014 tommar fengsel, hevn, nesbø, oslo, politi

 

Jo Nesbø – POLITI

politiHarry er oppstanden

Sommarens store snakkis, der Harry Hole gjenoppstår frå dei døde.

Ein drapsmann er i ferd med å ta livet av politifolk på åstaden til saker dei sjølv tidlegare har jobba på. Harry Hole svevde mellom liv og død i slutten av forrige bok, og kollegaene må klare seg utan han i denne saka. Men sjølvsagt skjer det noko som gjer at han kjem tilbake.

Sikkert ei av dei 15-20 beste krimbøkene eg har lest, men langt frå den beste Nesbøboka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du nektar å godta slutten på den forrige Harry Hole-boka.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/07/2013 tommar harry hole, hevn, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Jo Nesbø – GJENFERD

Hole i underverda i Oslo

Den foreløpig siste boka om Harry Hole. Og for ei bok.

Harry vert henta tilbake til Oslo når Oleg, sonen til eksdama Rakel, vert arrestert for drap på ein annan rusmisbrukar.

Harry viklar seg inn i eit nett av doplangarar og undergrunnsbaronar, for å vise at Oleg er uskuldig.

Harry Hole-bøkene ser berre ut til å verte bedre og bedre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krimoppgjer i dopverda.

(2011)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 29/06/2011 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – PANSERHJERTE

Meir blodig Hole enn tidlegare

Etter oppgjeret med Snømannen, har Harry Hole rømt til Hong Kong, der han driv med ein slags sjølvmedisinering.

Heime i Oslo vert to personar drepne på ein måte som berre kan forklarast som tortur av verste slag. Begge har drukna i sitt eige blod, og har stikksår på innsida av munnen. Politiet gjer alt dei kan for å få Hole tilbake til Oslo for å jobbe med saka.

Hole er enda lenger nede no enn han har vore tidlegare, og slit med både den eine og den andre demonen. Dop, alkohol, lengselen etter Rakel, og ein far som ligg for døden.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som går litt over til det bestialske.

(2009)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 29/09/2009 tommar afrika, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – SNØMANNEN

Iskald spenning. Neida. Jauda.

Bok nummer 7 om den godaste Harry Hole.

Ei kvinne forsvinn i Oslo, og i hagen hennar står ein snømann, med ansiktet vendt inn mot huset.

Fleire kvinner forsvinn, og Hole må tilbake i tid for å løyse sakene. I tillegg er Rakel veldig sentral i denne boka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du berre må få deg alle bøkene i denne moderne klassikar-serien.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 31/10/2008 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, snø

 

Jo Nesbø – HODEJEGERNE

Nok ei bok som vart lest ut på to dagar på stranda i Italia.

Roger Brown er en hovudjeger, som skal finne passande folk til dei beste jobbane. Så dukkar det opp ein som er for god til å vere sann, før ting byrjar gå gale.

Nesbø prøver seg på ein ny karakter etter Harry Hole, og denne er veldig annaleis. Spennande start, men glir noko ut på slutten etter min smak. Twisten er litt for knapp til å vere truverdig. Ikkje på langt nær same kvalitet som Hole bøkene, men likevel eit pluss at Nesbø har lagt seg såpass langt unna sjangermessig.

Mykje bra, men heile settingen og stemninga med rike, vellukka finansfolk, er vanskeleg å setje seg inn i.

Likevel, heilt grei.

Her slår det meg likevel kor mykje bedre Kjetil Try skriv Jo Nesbø, enn Jo Nesbø sjølv…

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2008 tommar kunst, nesbø, norge, oslo, svindel