RSS

Kategoriarkiv: nesser

Håkan Nesser – HIMMEL OVER LONDON

himmeloverlondonEin underleg, men likevel underhaldande thriller frå Håkan Nesser. Ein døyande og velståande mann samlar sine næraste til ein middag i London, der han lover store avsløringar. Forventingane byggast opp til middagen, medan me får høyre histora til hovudpersonen Leonard, frå då han i yngre dager budde i London, og jobba for Tsjekkoslovakiske motstandsfolk.

Så dukkar det plutseleg opp ei parallellhistorie, om ein svenske, Lars Gustav Selén, som så vidt har vore hinta til i den fyrste historia, og denne svensken har ei liknande historie som den Leonard har. Berre litt bedre fortalt, og litt meir spennande. Dei fleste namna går igjen i begge historiene, og med fare for å avsløre for mykje, så viser det seg at Leonard og middagen hans er ei historie i ei bok som Selén skriv på. (Det vil seie, det viser seg ikkje så altfor tydeleg)

Dessverre er blandinga av fiksjon og metafiksjon så surrete, at boka ikkje fungerer. Nesser er jo kjend for å ha eit litt liberalt forhold til geografi, og sjølv om handlinga foregår i London, kan ein berre gjette at hovudpersonane kjem frå eit BeNeLux-land.

Boka straumer over av referanser og ting som minner om noko du har lest før. Her er det eimar av både Kafka, 1Q84 og referanser til Agatha Christie.

Sida dette ikkje er nokon krim, så får det heller ikkje krimkarakterar, men om ein skulle verte nøydd til å gi boka eit terningkast, så ville det vere: Les heller ei anna bok av Nesser.

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/11/2013 tommar london, nesser, sverige

 

Håkan Nesser – EN HELT ANNEN HISTORIE

Den andre boka om politimannen Gunnar Barbarotti, av Håkan Nesser, som kanskje er mest kjend for van Weeteren-serien.

Ei rekke svenskar møter kvarandre under ei ferie i Bretagne, Frankrike, og 5 år seinare byrjar dei å verte drepne, ein etter ein.

I forkant av drapa får Barbarotti brev i posten, om kven som skal drepast.

Ei til tider spennande bok, men veldig langdryg.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/01/2012 tommar frankrike, nesser, politi, seriemordar, sverige