Dette er ei bok som har hausta mykje skryt, og med god grunn.
Ei spennande og solid historie, med fleirfaldige nivå, og ny informasjon som kjem for dagen på nesten annakvar side.
Den unge suksessforfattaren Marcus Goldman har skrivesperre når han skal skrive si andre bok, og reiser til sin gamle lærar og mentor Harry Quebert i New Hampshire for å få råd. Men under gravearbeid i hagen til Quebert, finn dei eit gammalt lik, som viser seg å vere ei 15 år gammal jente som forsvann midt på 70-talet. Quebert vert arrestert, mistenkt for drapet. Han innrømmer å ha hatt eit forhold til jenta, då ho var 15 og han var 34, og at hans store boksuksess, ei av landets mest selde bøker, handla om deira forhold. Men han nektar for å ha skada henne, og Goldman bestemmer seg for å hjelpe å reinvaske sin nære venn.
(2012)