RSS

Kategoriarkiv: nord-norge

T.H. Håvardsen – GALGEDANS

galgedansSå mykje gørr og skrekk at du blir lei

I ein fiktiv by i Nord-Norge, bur Theodor og Margareth Ness, som har ei dotter, Jenny, som viser seg å vere litt utanom det vanlige. Ho har ei mørk side, som vert mørkare og mørkare, til det når ein midlertidig topp på ein klassetur når ho er 12. Midlertidig er stikkordet, for dette vert verre og verre, og den børa det er å dekke over det, fell på gravferdsagenten Theodor. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for blod, gørr og ufiltrerte grusomheiter.

(2020)

Les meir

Reklame
 
 

Frode Granhus – FORSVINNINGEN

Sterk avslutning

Den siste boka om Rino Carlsen, gitt ut etter at Frode Granhus døde.

Ein mann vert funnen, naken, forslått, og lenka til båsen i ein gammal, forlatt fjøs. I fjøsen har nokon skrive «Den som kunne ha forhindret», og Rino meiner saka kan ha samanheng med ei gammal dyremishandlingssak, og at det dreier seg om hevn.

Samstundes ser bygdas tidlegare lensmann på ei sak han aldri klarte å løyse, der ei elleve år gammal jente forsvann frå heimen sin, på 17.mai i 1972. Ho var aldri funnen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, spennande krim i storslåtte omgivelsar.

(2018)

Les meir

 

Heine Bakkeid – JEG SKAL SAVNE DEG I MORGEN

Spennande nykomar

Ein tidlegare politimann har sona ein dom, og får ikkje returnere til tenesten. Etter at han vert lauslatt frå fengselet, vert  han kontakta av ei kvinne som vil han skal reise til Nord-Norge for å finne sonen hennar, som har forsvunne frå eit fyr der oppe.

På fyret opplever Thorkild Aske å sjå og oppleve uforklarlege ting, ting han meiner ikkje er ei følge av den tunge sjølvmedisineringa han driv med.

Boka ligg i eit krysningsland mellom Yrsa Sigurdardottir og Frode Granhus, og er både spennande og skummel.

(2016)

Les meir

 
 

Frode Granhus – FORLISET

Lofot-uhygge

Ein fotograf som er ute for å forevige det vakre desemberlyset i Lofoten, får auge på ei tønne som har frose fast i isen. Når nysgjerrigheita tek overhand, viser det seg at tønna inneheld levningane av eit menneske.

Kan tønnefunnet ha samanheng med eit forlis som skjedde i same området fleire år tidlegare?

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/07/2018 tommar granhus, kystliv, lofoten, nord-norge, norge, politi

 

Olivier Truc – VARGSUNDET

Fransk forfattar busett i Stockholm skriv om Finnmark

Ein svært omfattande krim om djupvatndykking, oljeindustri og reindrift i Finnmark.

Ein reindriftsame vert drept under reinflyttinga, og like etter vert ordføraren funnen død på samme stad. Etterforskinga peikar i retning den internasjonale oljeindustrien som har etablert seg i Hammerfest.

(2014)

Les meir

 
 

Frode Granhus – KISTEMAKEREN

kistemakerenNokon finn ein videokassett i ei grøft, og filmen viser nokon som er innstengd i ei kiste. Nokre år tidlegare var det ei ung jente som påsto at ho hadde vore innestengd i ei kiste, og innhaldet på filmen kan tyde på at historia til jenta stemte.

Rino Carlsen er tilbake i Reine i Lofoten, og i denne fjerde boka må han løyse ei gammal sak, om den då verkeleg er så gammal.

(2015)

Les meir

 

Frode Granhus – DJEVELANGER

djevelangerEi seks år gammal jente forsvinn når ho er ute og trillar på dokkevogna si. Faren, ein slags svovelpredikant, seier at han ser ho kjem til å kome tilbake etter tre dagar. Dette gjer han til ein av dei hovudmistenkte.

Samstundes er eit tjern i ferd med å tørke ut, og ei gammal hemmeligheit er i ferd med å verte avdekka.

I tillegg får Rino Carlsen ein ung og attraktiv kollega på politihuset.

Den skumle stemninga frå Malstrømmen er borte, men du verden kor Granhus tek igjen det igjen i historiebygging og dramaturgi.

(2014)

Les meir

 
 

Tor Edvin Dahl – HODET VED DØRA

hodetveddøraNorsk krim frå 2010, og ei av dei mange bøkene som stammar frå det store salget i haust.

Ein ung forfattar reiser til Finnmark på 70-talet, for å skrive bok om samane. Under oppholdet, vert ein mann drept, og hovudet hans vert lagt utan for døra til forfattaren.

Saka vert løyst, og ein mann vert arrestert, men tjue år seinare, dukkar saka opp igjen, denne gongen i Oslo.

(2010)

Les meir

 

Asbjørn Jaklin – SVART FROST

Ei bok som har fått veldig mykje skryt i diverse media og bloggar den siste tida.

Ein mann vert funnen hengt på ein spesielt brutal måte i ein fjøs i Nordland. Ein journalist frå avisa Nordlys i Tromsø vert sett på saka. Journalisten er tidlegare soldat, og har mistankar om kva som kunne ha skjedd.

Ei heilt grei bok, men det tek liksom ikkje heilt av, og heile plottet er litt for tilgjort, og løysningane er litt for lettvinte.

(2012)

Les meir

 

Frode Granhus – STORMEN

Må innrømme at eg mista litt gnisten her. Var blakk og satt med to bøker, den fyrste av Tana French, som eg ga meg på sist, og den neste Camilla Läckberg. Har bjyndt så smått på begge to, men dei fenger ikkje veldig. Men så kom lønna, og det vart innkjøp. Denne boka her gjekk på eit par dagar.

Handlinga er sett til Reine i Lofoten, ein ekte stad denne gong, i motsetning til sist. Ein storm og eit jordskred avdekker ein menneskekropp som har ligge nedgreven lenge. Rino Carlsen tek turen ut for å finne ut kven dette kan vere, og tenkjer at det neppe kan vere så vanskeleg, i og med at det berre er ein handfull hus i den vesle bygda.

(2012)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 31/08/2012 tommar gamle dagar, granhus, nord-norge, norge, politi, storm