RSS

Kategoriarkiv: nordberg

Nordberg/Hagerup – SISTE AKT

sisteaktUnder ei oppsetjing av Hamlet på Nationaltheateret, vert det gnisningar mellom to av aktørane, mor og dotter, som begge har sentrale roller i stykket, men ikkje går overeins på grunn av hendingar i fortida. Likevel er mora bekymra for dottera, og ber skodespelar Niklas Faber, kjent frå fjernsynet som TV-detektiv, om å ha eit auge til henne.

Og det tek ikkje lang tid før Faber får bruk frå triksa sine som etterforskar på TV.

(2008)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/08/2016 tommar nordberg, nordberg/hagerup, norge, oslo, teater

 

Stikkord:

Nils Nordberg (red) – EN KRIMINELT GOD JUL

Eit b-lag i jula

Novellesamling med diverse krimhistorier som har utgangspunkt i jula. Mange kjende forfattarar, som Christie og Conan Doyle, men kanskje ikkje det heilt store.

Den raude tråden i boka, er at historiene virkar gammaldagse, og at fortellarstilen gjenspeglar radioteater frå 70-talet. Dette er ikkje dei beste verka til disse forfattarane. Somme av historiene har tålt «tidens tann» bedre enn andre, men dei fleste av dei er ikkje veldig underhaldande, dessverre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Det må i så fall vere fordi du likar å ha nokre korte historier liggande, når du treng ein pust i bakken i jula, og ikkje har så mange alternativ.

(2006)

 

 
Éin kommentar

Posta av den 31/12/2007 tommar jul, nordberg, norge, samling