RSS

Kategoriarkiv: okkultisme

Jørgen Brekke – DOKTOR FREDRIKIS KABINETT

drfredrikiskabinettSærs god 1700tals-krim

Her tek Brekke oss med til Trondheim i 1769. Den overvektige og drikkeglade politimesteren Nils Bayer har tunge dagar fordi han har lova sin store kjærleik å halde seg vekk frå alkoholen. Likevel føler han ikkje at ho vil gi han valuta for avkallet.

Ei ung jente vert funnen død i skogen rett utanfor byen, og sjølv om politiet finn ut kven jenta er, så står dei utan spor.

Samstundes kjem den tidlegare legen i byen tilbake, etter å nærast ha vorte jaga bort frå byen eit år tidlegare. No er han tilbake, og søker om løyve til å halde ei forestilling med ein mystisk karakter som kan sjå inn i framtida.

Ei svært stemningsfull og litt dyster bok frå Jørgen Brekke. Interessant, spennande og svært lesevennleg. Denne les du ut utan å klare å legge den frå deg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Singsaker-bøkene, og vil finne ut kva anna Jørgen Brekke kan by på.

(2014)

Les meir

Reklame
 

H.K. Fauskanger – SKARLAGENSSALEN

SkarlagenssalenI Austfold ligg garden Ugge, der det fins eit rom i kjellaren som ikkje bør opnast. Soga seier at herren på garden, Ulstadius Ugge selde sjela si til djevelen, og at alle dei er for lenge i rommet, ikkje kjem derfrå med helsa i behold.

Skodespelaren og skeptikaren Fredrik Lange har inngått eit veddemål med ein kollega, om at han utan problem kan tilbringe natta i rommet, Skarlagenssalen.

Men ting går ikkje heilt slik som Lange planlegg, og ting kan tyde på at myta ikkje berre er ei myte.

(2013)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 22/09/2015 tommar 1800-talet, austfold, fauskanger, grøss, okkultisme

 

Stikkord:

Ian Rankin – HIDE & SEEK

hideandseekDette er den andre boka om John Rebus, og i kommentarfeltet fortel forfattaren at helten frå Edinburgh langt frå var ferdig utvikla her.

Ein narkoman vert funnen død i (den fiktive) forstaden Pilmuir. Alt tyder på ei vanleg overdose, men Rebus anar uråd. I det okkuperte huset han vert funnen i, er det okkulte teikningar på veggane, og mykje tyder på at nokon har flytta på liket etter at han døde. Han byrjar nøste i eit nærast umulig puslespel, der brikkane sakte men sikkert fell på plass.

Det viser seg at Rebus har rota seg bort i ei sak som har forgreiningar heilt til topps i Edinburgh.

(1990)

Les meir