RSS

Kategoriarkiv: øland

Johan Theorin – BLODLEIE

Den tredje boka frå Öland og miljøet der. Denne gongen er det Per Mörner det handlar om. Han er fast sommargjest på øya, og son til ein tidlegare pornokonge. Når folk byrjar å døy i krinsen rundt han, må han byrje å leite bakover i histora til faren.

Gerlof Davidsson har flytta frå aldersheimen, og tilbake til hytta si på øya, og hjelper Mörner med å sjå tilbake.

I tillegg er det ei dame som er i overkant oppteka av alvar, som også er eit sentralt tema i boka.

Bra krim, og eit lag av mystikk og uhygge rundt det heile. Theorin leverar for tredje gong på rad.

(2010)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/07/2010 tommar øland, sverige, theorin

 

Johan Theorin – SKUMRINGSTIMEN

I 1972 forsvinn ein seks år gammal på Øland, då han utan lov går ut på alvaret (eit slags myrområde eller sletteland).

30 år etterpå får guten sin bestefar, Gerlof, ein liten sandal i posten til kvileheimen der han bur. Gerlof er sikker på at det er guten sin sandal.

Samtidig får me servert historia om Nils Kant, som budde i området mange år tidlegare.

Ei veldig skummel bok, men heilt i grenseland til å verte kalla krim. Den gamle pensjonisten er den som nøstar opp i sakene.

Dette er bok nummer ein i same serien som Nattefokk var nummer to i, og kanskje ikkje ei like god og skummel bok som Nattefokk.

(2007)

Les meir

 
 

Johan Theorin – NATTEFOKK

Ei ung familie flyttar frå Stockholm til Øland for å pusse opp eit gammalt fyr. Men det knyttar seg gamle sagn og spøkelseshistorier til fyret, for garden er bygd av tømmer frå eit gammalt skipsforlis. Det seiast at fyret kun lyser kvar gong nokon døyr.

Og når den unge familia er i ferd med å finne seg til rette i den nye heimen, lyser plutseleg fyret igjen.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/11/2009 tommar øland, kystliv, politi, skjergard, sverige, theorin