RSS

Kategoriarkiv: olsen (pål gerhard)

Pål Gerhard Olsen – NATTMUSIKK

Ein bratsjist forsvinn, og ein pengetransport vert rana på Majorstua.

Hadde store forventingar til denne, etter gode omtalar før jul, men vart litt skuffa. Eg burde skjøna teikninga når eg såg på framsida: «Perfekt krim» skreiv ei av avisene, og ga terningkast 5. Dersom den var perfekt, så fins det høgare terningkast….

Historia var OK, men litt for lite forklarande i oppløysinga. Men det som var irriterande var språket, og mildt sagt merkelege samanlikningar og ukjende uttrykk. Om dette er noko forfattaren har funne på sjølv er vanskeleg å seie. Bra var det i alle fall ikkje. Og dersom det stemmer at dette var forfattarens beste krim (på 20 år) så er det ikkje fristande å lese resten.

(2006)

Les meir

Reklame