RSS

Kategoriarkiv: paris

John Dickson Carr – IT WALKS BY NIGHT

itwalksbynightDickson Carr´s fyrste lukka rom

Den livsfarlige galningen Laurent har rømt frå asylet han har vore innesperra på. Dette fell saman med at eks-kona hans, som så vidt slapp unna han med livet i behald, no skal gifte seg på nytt, med Raoul, hertugen av Saligny. Det ryktast at Laurent har fått gjennomført ein plastisk operasjon, og er ugjenkjennelig, og aller verst; i Paris akkurat no. 

Etterforskaren Henri Bencolin skal passe på hertugen og kona, men under eit opphald på ein nattklubb, vert Raoul ikkje berre drept, men også halshogd, medan han er åleine inne på eit rom, der alle dørene er vokta av politiet. 

Då denne boka kom ut, var den ein del av forleggaren Harpers «Sealed Mystery Series», det vil seie at den siste delen av boka var forsegla, og at dersom lesaren hadde funne løysinga når dei kom hit i boka, kunne dei levere den tilbake og få igjen pengane. Men i følge forlaget sine eigne sider, vart, av dei fyrste 60 000 solgte bøkene, berre 3 returnert. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi lukka rom-mysterier er det mest spennande du veit

(1930)

Les meir

Reklame
 

Pierre Lemaitre – BRUDEKJOLEN

brudekjolenAlle historier har to sider

Den unge Sophie har alt ho kan drøyme om. Draumemannen, ein jobb folk flest kan sjå langt etter, flott leiligheit og ei baby i magen. Men stadig oftare får ho ei kjensle av å gløyme ting, ikkje huske kvar ho har lagt frå seg noko, kvar ho har parkert, og ho har blackouts. Litt etter litt, mister ho det perfekte livet, bit for bit. Det heile toppar seg når ho vaknar og finn guten som ho er dagmamma for, død. Ho huskar ingenting, og må berre kome seg vekk. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for psykologiske hevnthrillerar.

(2009)

Les meir

 

Torkil Damhaug – FLYKT, MÅNE

flyktmånerPsykologisk dramatikk i Frankrike

På ei kirketrapp i Avignon i Frankrike, vert ein ung mann funnen livlaus, og lagt inn på sjukehus. Han snakkar ikkje, og legen Anna Siboulet, ved eit psykiatrisk sjukehus tek på seg oppgava med å finne ut kva som har skjedd, og ikkje minst, kven han er. Ho anar snart ein samanheng til ei ung kvinne som ikkje lenge før, vart funnen død i Paris.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil lese den fyrste boka til ein av landets beste historieforteljarar, så klart.

(1996)

Les meir

 

Peter May – JEG SVIKTER DEG ALDRI

jegsvikterdegaldriSeig suppe

Eit ektepar frå Hebridene er i Paris for å selge tweed-stoffet sitt. I forkant av turen har kona, Niamh, fått ein anonym mail om at mannen har ei elskerinne. 

Ein kveld skal mannen Ruairidh ut åleine, og berre nokre 100 meter etter at han har forlete hotellet, eksploderer bilen som han, og elskerinna hans, sit i.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det saktegåande krim frå verharde utkantar.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/06/2021 tommar hebridene, may, mote, paris, skottland

 

Pierre Lemaitre – EN HELVETES JOBB

Arbeidsløyse-thriller

Alain Delambre er 57 år, og har vore arbeidsledig, og avhengig av strøjobbar i fire år. Når eit tilsynelatande for-godt-til-å-vere-sant-tilbod kjem rekande, er han den einaste som ikkje vil sjå at det er nettopp det. Han ofrar alt, for å endeleg kome i arbeid igjen, før han innser realitetane. Men då har han gått for langt.

* Boka kom opprinneleg i 2010, men kom på norsk i år.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historier om folk som vert pressa så langt at dei klikkar.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/09/2020 tommar frankrike, gissel, lemaitre, paris, rettsak

 

Leila Slimani – VUGGESANG

Barnevaktsthriller

Myriam er heime med borna, medan mannen Paul jobber. Når ho så vil ut i arbeid igjen, finn dei ei barnepike, som viser seg å vere heilt perfekt. Heilt til ho tek livet av dei to ungane.

Dette er ikkje ein krim, men tek den likevel med, då den er spennande, interessant og litt annaleis. Skiftet mellom korleis ein trygg og solid tillitsperson sakte men sikkert bikkar over, er svært godt skildra.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for thrillerar med det menneskelige i sentrum. 

(2016)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/09/2020 tommar barn, frankrike, paris, slimani, thriller

 

Emile Gaboriau – DEN LILLE GAMLINGEN FRA BATIGNOLLES

Fransk pionér

Monsieur Godeuil er ein nyutdanna lege Paris, og vert kjent med mannen som bur rett over gangen. Denne, Monsieur Mechinet, viser seg å vere etterforskar, og endar opp med å ta med seg Godeuil ut på ei sak, der ein eldre mann er drept.

Den døde har skrive namnet på drapsmannen i sitt eige blod, og den skuldige vert arrestert. Men så finn Godeuil ut at den arresterte ikkje kan vere den skuldige, men då har mannen allereie tilstått.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle historier, og er interessert i korleis krimhistoriene var i starten, og dette er ei av dei aller fyrste detektivhistoriene.

(1876)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/08/2019 tommar 1800-talet, frankrike, gaboriau, lege, paris, politi

 

Peter May – DRY BONES

Ny Peter May-helt

Den skotske biologen Enzo Macleod vert utfordra til eit veddemål. Kan han, ved hjelp av ny vitenskap, finne ut kva som skjedde då den populære professoren Jacques Gaillard forsvann ti år tidlegare?

Professor Gaillard underviste framtidige leiarar på ein av dei mest prestisjefyllte skulane i Frankrike, og ingen veit kva som skjedde med han.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gåtefulle mysterier, og ikkje kan få nok av Lewis og Morse sine Oxford-mysterier.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/08/2019 tommar frankrike, may, paris, professor, uløyste saker

 

Georges Simenon – MAIGRET SETTER EN FELLE

Bok nr 49 om Maigret

Paris, 1955: Fire kvinner har vorte drept på gata i Montmartre. Det virkar ikkje som om det er nokon samanheng mellom drapa. Maigret får i oppgave å stoppe drapsmannen, før det blir fem offer.

Den saktmodige detektiven prøver å lokke den skuldige i ei felle, og siktar seg inn på tre potensielle kandidatar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den franske stemninga, og ikkje har noko i mot at det går litt sakte. 

* NB. I nyutgivingane som har kome dei siste åra, er denne boka nr 48, og ikkje 49, som den eigentleg var. La Femme Rouse (den raudhåra), frå 1933, var nr 19 i den originale rekkefølga, men kom av ein eller annan grunn ikkje med i nyutgivingane.

(1955)

Les meir

 
 

Georges Simenon – MAIGRET OG PETER FRA LATVIA

Storsvindlar i Paris

Maigret får beskjed via Interpol om at ein internasjonal svindlar er på veg til Paris. Maigret får eit glimt av ein som passar skildringa av mannen, i det han går av toget. Men før han får fulgt etter den mistenkte, vert han ropt inn på toget, der ein død mann vert funnen. Liket i kupeen passar også veldig godt til skildringa av «Peter frå Latvia».

Maigret finn mannen frå toget på eit hotell, der han har teke inn under eit anna namn. Etterforskinga av den døde fører Maigret til ein norsk mann som også stemmer til skildringa av Peter. Til slutt sit etterforskaren igjen med fire forskjellige identiterar som alle kan vere svindlaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vert nostalgisk av gammal krim, og ikkje er så nøye på at det går litt sakte.

(1931)

Les meir