RSS

Kategoriarkiv: pensjonist

Richard Osman – MANNEN SOM DØDE TO GANGER

mannensomdødetogangerDen vanskelige andreboka

Eksmannen til Elizabeth tek kontakt, fordi mafiaen skuldar han for å ha stole ein del diamantar. Torsdagsmordklubben får ei ny sak i fanget, og løyser den på (nesten) like sjarmerande vis som sist

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar hyggelig kosekrim, som i tillegg er litt smart.

(2021)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/03/2022 tommar england, mafia, osman, pensjonist, politi

 

Richard Osman – TORSDAGSMORDKLUBBEN

torsdagsmordklubbenFengande pensjonistkrim

I følge mine notater er dette bok nr 500 her inne, og då passar det bra og markere det med ei såpass positiv overrasking: 

Fire ressurssterke pensjonistar bur i ein eldresenter-landsby for dei rike og velståande, og dei slår i hjel tida si med å prøve å løyse uløyste krimgåter frå gamle dager. Men så vert eigaren av landsbyen, ein svært populær businessmann med ei brokete fortid, drept, og Torsdagsmordklubben får eit ekte mysterie å løyse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar heltar som Jessica Fletcher og Miss Marple.

(2020)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/04/2021 tommar england, osman, pensjonist, politi, uløyste saker

 

Georges Simenon – MAIGRET PÅ EGEN HÅND

Langsom franskmann

Maigret er pensjonert, men på grunn av ei tabbe nevøen hans gjer i tjenesten, vert han tvungen tilbake for prøve å reinvaske slektningen

Maigret har gjort comeback på skjermen, med ein imponerande Rowan Atkinson, men dette er er nok ikkje den av Maigret-bøkene som er best tilpassa vår tid.

Dette er bok nr. 19 om detektiven, alle 19 skrive i løpet av ca 4 år.

(1934)

Les meir

 

Emma Healey – ELIZABETH ER BORTE

elizabetherborteEi veldig annaleis historie, fortalt av ei stadig meir dement kvinne.

80 år gamle Maud leider etter venninna Elizabeth, som ho ikkje lenger får tak i. Ho er redd det har skjedd henne noko, og prøver å finne ut av det, men Alzheimersjukdommen gjer det vanskeleg å huske kva ho finn ut. Derfor skriv ho heile tida ned huskelappar til seg sjølv, og ved hjelp av dei prøver ho å finne ut kva som har skjedd med venninna.

Parallelt med dette mimrar ho om då ho var ung, og søstera henna forsvann sporlaust, og aldri vart sett igjen.

(2014)

Les meir