RSS

Kategoriarkiv: politikar

Hanne Kristin Rohde – OFFERDYR

offerdyrPelsdyrdrama på det jamne

Advokat Mikael Anderson finn ein død mann i senga si, kun ikledd pels, og mistenker at kona, psykiater Nina Berle, har ein elskar. Men ho veit tilsynelatande like lite. Hennar største bekymring er at saka kjem ut, og skadar broren hennar, tidlegare pelsbonde og noverande landbruksminister.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er oppteken av pelsnæringa og spent på ein krim rundt den. 

(2018)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2022 tommar dyrehald, norge, oslo, politi, politikar, rohde

 

Edmund Crispin – BURIED FOR PLEASURE

buriedforpleasureEit lite drap i småbyidyllen

Amatørdetektiven og engelskprofessoren Gervase Fen er på jakt etter litt avveksling i kvardagen, og stiller til lokalvalg i ein liten småby. Idyllen vert fyrst broten av ein naken mann som har rømt frå det lokale asylet, før Fen treff ein gammal kjenning frå Scotland Yard; Bussy. Bussy etterforsker ei forgifting i området, utan at det lokale politiet veit om det. Men ikkje lenge etter at dei møtes, vert Bussy funnen knivdrept på ei golfbane. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal, klassisk britisk krim med litt humor. 

(1948)

Les meir

 

Ruth Lillegraven – AV MITT BLOD

avmittblodEin annleis oppfølgar

Landet ferske justisminister Clara Lofthus kjem heim til eit tomt hus. Tvillingane er borte, og ho får beskjed om at dersom ho varslar nokon, døyr dei. Berre ved hjelp av si nyutnevnte livvakt, ekssoldaten Stian, må Clara finne igjen sønene før det er for seint.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du slukte den fyrste boka om Clara Lofthus, og er spent på fortsetjinga.

(2021)

Les meir

 
 

Stefan Ahnhem – DEN NIENDE GRAVEN

denniendegravenLettbeint og temporik spenning

Den svenske justisministeren forsvinn sporlaust mellom Riksdagen og ein bil som skal plukke han opp. Fabian Risk vert kalla inn for å finne han, utan at nokon andre må få nyss om kva som har skjedd. I Danmark får Dunja Hougaard ei sak der kona til ein kjend TV-person vert funnen drept i heimen deira, og spora fører over sundet til nabolandet.

Dette er bok nummer 2 om Fabian Risk, skulle sjølvsagt vore lest før Atten grader minus og Motiv X. Men ikkje heng deg opp i det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar likar fengande og rask krim, som ikkje nødvendigvis går så djupt.

(2015)

Les meir

 
 

Jørn Lier Horst – DET INNERSTE ROMMET

detinnersterommetEin potensiell politisk skandale

Den respekterte AP-bautaen Bernhard Clausen døyr, og det vert gjort funn på hytta hans, som potensielt kan vere skadeleg for ikkje berre partiet, men nasjonen. Williams Wisting er ein av få som vert sett på den topphemmelige saka, for å finne ut kva det eigentleg dreier seg om.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du krim som ser litt tilbake i tid.

(2018)

Les meir

 
 

Johan Høst – EN NASJON I SJAKK

ennasjonisjakkLynsjakkdrama

Sjå for deg ideen om at nokon kidnappar statsministeren, og tvinger stortingspresidenten til å spele sjakk om å sleppe han fri, med livet til framståande samfunnstoppar på spel dersom brikker går tapt. Rimelig tullete og virkeligheitsfjernt. Men sjå deretter for deg at nokon klarer å fortelle denne historia på ein slik måte at du kjøper den, og ikkje berre det – den er så spennande at du ikkje klarer å legge boka frå deg.

Dette er glatt den beste norske krimen på i alle fall eit år.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du er glad i krim, så klarer du ikkje å la vere å lese det som er den mest omtala krimdebuten på mange år. 

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/02/2022 tommar høst, kidnapping, norge, oslo, politi, politikar, sjakk

 

Egil Birkeland, Bjørnar Pedersen – LYSTEN TIL DET ONDE

lystentildetondeAlle gode ting er tre, Hillman Hunter

Elmer Henriksen har sidan den forrige boka, site 3 år i fengsel for drapet han gjorde i den fyrste boka. Når han kjem ut av fengselet, har han bestemt seg for å halde seg på den smale sti, og leve stille og anonymt, men det varer ikkje lenge. Ein medfange får han opp i trøbbel, og han oppdagar at ein framståande politikar er i ferd med å verte utsett for eit attentat.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å avslutte morsomme krimtrilogiar.

(2015)

Les meir

 

Egil Birkeland, Bjørnar Pedersen – DØDE TING

dødetingPirattaxi, brannstifting og anna moro

Mowinckels Hospits brenn ned, og nattevakta, som Elmer Henriksen har hatt kontakt med, døyr i brannen. Hospitseigaren meiner brannen er påsett, og vil at Henriksen skal sjå på saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som harselerer litt med sjangeren.

(2008)

Les meir

 

Egil Birkeland & Bjørnar Pedersen – HILLMAN HUNTER

hilmanhunterHumorkrim med internasjonalt snitt

Usikker på om denne krimhelten, med utgangspunkt i Herreavdelingen på NRK, er satire, eller seriøs krim, men eg syns det funkar. Spennande og omfattande historie, som bruker virkemiddel frå dei store spenningsklassikarane, i ei røre som omfattar drap, politisk makt, doping og ikkje minst OL på Lillehammer. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med humor og høg underhaldningsverdi.

(2000)

Les meir