RSS

Kategoriarkiv: prest

Steen Steensen Blicher – PRESTEN I VEJLBY

prestenivejlbyDen aller fyrste krimhistoria? 

Herresfogd Erik Sørensen får i oppgåve å etterforske om hans komande svigerfar, presten i Vejlby, har drept ein mann. Fleire vitner har sett Morten Bruus gå inn på prestegarden, men ikkje kome ut att. Og så vert liket av Bruus funnen ein stad der nokon meiner dei har sett presten grave.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på verdas aller fyrste krim.

(1829)

Les meir

Reklame
 

Eva Ramm – MORD I PRESTENS HAGE

mordiprest

Denne boka kom eg over på det lokale biblioteket, og hadde aldri høyrt om forfattaren, sjølv om det stod fleire bøker under samme navn.

Ein kriminteressert prest i ei lita bygd i Nord-Norge, opplever at eit av hans sognebarn vert drept på sjølve prestegarden.

Som ein nær venn av bygdas lensmann, får presten Onesimus følgje etterforskinga tett, og bidreg sjølv med stor iver.

(1992)

Les Meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/12/2015 tommar norge, politi, prest, ramm

 

Åsa Larsson – SPILT BLOD

spiltblodI den Nord-svenske bygda Jukkasjärvi, vert presten og feministen Mildred Nilsson drept, og hengt etter ei kjetting inne i kyrkja.

Etterforskinga gir ikkje politiet mykje å arbeide etter, og etter kvart trappar dei ned heile etterforskinga.

Seinare kjem advokat Rebecka Martinsson til bygda for å hjelpe kyrkja med det juridiske i samband med drapssaka. Når ho finn både truslar og avslørande brev blant sakene til Nilsson, kjem etterforskinga i gong igjen.

(2004)

Les Meir

 

Lars Kepler – STALKER

stalkerMørkt og dystert frå Kepler

Noken har filma ei uidentifisert kvinne gjennom vindauget frå hagen, og lagt filmen ut på nettet. Dagen etter vert kvinna funnen drept. Offer nummer to vert funnen av sambuaren, som går i svart, og vasker heile leiligheita før politiet kjem til staden.

Erik Maria Bark vert tilkalla for å snakke med mannen, men den erfarne psykiateren får høyre noko han velger å ikkje dele med politiet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dyster, mørk, og halvskummel krim.

(2015)

Les meir

 

Agatha Christie – DEN FORSVUNNE DOMPROST

denforsvunnedomprost

Eit Miss Marple-mysterium frå Agatha Christie.

Oppdaga sjølvsagt at dette er ei forteljing eg akkurat har sett på TV, men likevel ei spennande bok.

Miss Marple (som irriterande nok blir omtala som Frøken Marple gjennom heile boka) tek inn på Bertams Hotel, ei perle av den gamle sorten, midt i London. Men det skjer underlige ting på hotellet, og ein eldre, forvirra domprost forsvinn sporlaust.

(1965)

Les meir

 

P.D. James – DET SVARTE TÅRNET

detsvartetåretNok ei av bøkene frå haustsalget. Dette er den femte boka om påskekrimkjenningen Adam Dalgliesh.

Dalgliesh har vore på sjukehus, og mens han slappar av for å kome til hektene, besøker han Fader Baddeley, ein gammal ven av hans far. Men då han kjem fram til Toynton Grange, heimen der Baddeley jobbar og bur, finn han ut at han kjem for seint. Presten er død, berre får dagar før Dalgliesh kjem til staden, og Dalgliesh kjem over fleire ting han synes virkar rart i forhold til dødsfallet.

(1975)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/03/2013 tommar dalgliesh, england, james (pd), politi, prest

 

John Grisham – TILSTÅELSEN

Den siste boka til Grisham. Kom til å legge att alle dei uleste krimbøkene mine ved flytting, så fekk lånt denne. Ikkje akkurat krim, men ei god spenningsbok.

I den vesle byen Slone, i Texas, sit ein uskuldig mann på dødscella, og ventar på sin siste dag. I Kansas oppsøker den ekte drapsmannen ein prest, og tilstår. Presten trur på han, men korleis får ein resten av verda til å tru? Og rekk dei å få verda til å tru på dei i tide, før den uskuldige mannen vert drepen?

Sidan dette ikkje er ein krim, gir eg heller ikkje karakter på vanleg måte. Men kort oppsummert er boka veldig god, språket er veldig bra, sjølv om tempoet er litt lavare her enni ein krim. Her er det mykje karakterar som skal byggast opp, for å gjere spenninga størst muleg, og slikt tek tid. Men vel verdt å lese, likevel.

(2010)

 

 

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/11/2012 tommar advokat, grisham, prest, texas, usa