RSS

Kategoriarkiv: professor

Aurstad & Westberg – BLODPENGER

blodpengerKristiania-krim som tek seg opp

1899: Ein kjent professor vert funnen drept på eit bordell i Vaterland i Kristiania. Politifullmektig Theodor Wulfsberg får den vanskelige jobben med å løyse saka i eit svært lukka miljø i underverdenen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historisk norsk krim. 

(2013)

Les meir

Reklame
 

Peter May – DRY BONES

Ny Peter May-helt

Den skotske biologen Enzo Macleod vert utfordra til eit veddemål. Kan han, ved hjelp av ny vitenskap, finne ut kva som skjedde då den populære professoren Jacques Gaillard forsvann ti år tidlegare?

Professor Gaillard underviste framtidige leiarar på ein av dei mest prestisjefyllte skulane i Frankrike, og ingen veit kva som skjedde med han.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gåtefulle mysterier, og ikkje kan få nok av Lewis og Morse sine Oxford-mysterier.

(2006)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/08/2019 tommar frankrike, may, paris, professor, uløyste saker

 

Dan Brown – OPPRINNELSE

Vanskeleg å ikkje verte hekta

Dette er den femte boka om Robert Langdon, og sjølv om handlingsmønsteret byrjar å verte ganske kjent, så er det framleis svært spennande.

Ein av Langdon sine tidlegare elevar, no ein milliardær i IT-bransjen, skal halde eit foredrag som han lovar vil endre korleis verda ser på religion. Men sterke krefter vil helst ikkje at denne oppdagelsen skal kome ut, og prøver å stoppe fyrst oppdagaren, og deretter Langdon.

(2017)

Les meir

 
 

Jo Nesbø – TØRST

Nok ein oppslukande Hole-krim

Nokon tek livet av ei jente som akkurat har vore på tinder-date, og VG har ei kilde på innsida som kan avsløre fleire detaljar, blant anna at den fyrste jenta har vorte bitt av metalltenner.

Politimester Bellmann er engstelig for at den vanskelige saka skal legge kjepper i hjula for hans eigen karriere, og finn ut at den einaste som kan løyse saka er Harry Hole.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Harry Hole.

(2017)

Les meir

 
 

Harlan Coben – SEKS ÅR

seksaarJake Fisher vert brått dumpa av Natalie, den han trudde var den store kjærleiken. Ho seier ho har møtt ein gammal flamme og forholdet deira har blussa opp igjen. Kort tid etter er han i bryllaupet deira, der ho ber han om aldri å ta kontakt med henne igjen.

Han held løftet sitt, til han seks år seinare ser nekrologen over mannen hennar, Todd. Etter å ha vurdert saka nøye, tek han turen til gravferda hans, i håp om å få eit glimt av Natalie. Når kista og gravfølget kjem ut frå kapellet, får han eit glimt av enka. Problemet er at det ikkje er Natalie.

Avslører ikkje for mykje ved å seie at dette er ei av dei meste spennande bøkene eg har lese i år.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/07/2014 tommar coben, forsvinning, professor, universitet, usa

 

Dan Brown – INFERNO

infernoDen fjerde boka om Robert Langdon, og som vanleg er det store forventningar til spenningskongen Dan Brown.

Denne gongen vaknar Robert Langdon opp på eit sjukehus i Firenze, utan å huske at han i det heile tatt har forlatt universitet sitt i USA.

Det viser seg fort at han har ein gjenstand på seg, som nokon er interesserte i, og som dei til og med er villige til å drepe for.

Ein klassisk Brown-bok, men med så høge forventingar, er det vanskelig å innfri.

(2013)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 21/05/2013 tommar brown, firenze, italia, koder, professor

 

Kurt Aust – HJEMSØKT

Den tredje boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge. Denne gongen er dei tilbake i Horten, der Petter skal ledsage ein utsending frå paven, som er på omreise i Norge.

Under stoppet deira i Fredrikstad, vert ein mann drepen, same natt som han har hatt besøk av den italienske eksellensen. Når det same skjer i Tønsberg, byrjar Petter å ane uråd, og får kontakta Thomas, som er i Christiania.

(2003)

Les meir

 
 

Kurt Aust – DEN TREDJE SANNHET

Den andre boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge, frå starten av 1700-talet.

Denne gongen vert dei kalla til Hadekjær gods på Jylland, via eit anonymt brev. Her er ridefogden Hans Halle drepen, og dei to skal finne ut kven som har gjort det.

Undervegs dukkar det opp hemmeligheiter rundt dei fleste av innbyggjarane i Hadekjær, og igjen vert Petter Hortten tettare knytt til nokon av innbyggjarane enn han burde.

Nok ein historisk krim frå Kurt Aust, som er ein god del meir omfattande enn den forrige, Vredens Dag, men den er likevel veldig lesverdig.

(2001)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/01/2012 tommar aust, danmark, historisk, professor

 

Kurt Aust – VREDENS DAG

Den fyrste boka om professoren Thomas av Boueberge og læreguten Petter Hortten.

Dei to er på veg til Ribe i Danmark for å feire nyttår i 1699, men på vegen kjem dei ut for ein snøstorm, og må søke ly på ei kro langs vegen. På grunn av uveret må dei vere der heile romjula. Og som ikkje det er nok, så vert ein av gjestane drepne, og den skuldige må vere ein av dei andre gjestane på kroa.

Spennande og interessant historisk krim.

(1999)

Les meir

 
 

Dan Brown – ANGELS & DEMONS

Den fyrste boka om Robert Langdon frå Da Vinci koden. Kritikarane seier denne er bedre enn den fysste, sjøl er eg ikkje sikker.

Robert Langdon vert denne gongen tilkalla til CERN-instituttet i Sveits, og det viser seg at han må stoppe organisasjonen Illuminati, ei jakt som fører han til Roma og Vatikanet.

Ei bra bok, ingen tvil om det, men den er lik Da Vinci koden, og mykje av handlingsmønsteret er lagt. Hadde eg lese denne før Da Vinci, ville eg nok likt denne best. Men som bok nr 2, var litt av overraskingane vekke. Da Vinci koden var ny og frisk då den kom, og det er denne også, men dei er veldig like.

(2000)

Les meir