RSS

Kategoriarkiv: religion

Jørgen Brekke – ANDRE GUDER

andreguderNoko anna frå Brekke

Jonny er kanskje så langt frå nokon kirkegjengar som ein kan kome, men når Linda frå ungdomstida kjem tilbake, og ber han me i menigheita si, vert han motvillig med. Ho har eit nært forhold til den karismatiske leiaren Isaksen, Jonny er sjalu, og det går som det må gå.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mystikk i religiøse miljø. 

(2020)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/07/2021 tommar brekke, hevn, norge, religion

 

Dan Brown – OPPRINNELSE

Vanskeleg å ikkje verte hekta

Dette er den femte boka om Robert Langdon, og sjølv om handlingsmønsteret byrjar å verte ganske kjent, så er det framleis svært spennande.

Ein av Langdon sine tidlegare elevar, no ein milliardær i IT-bransjen, skal halde eit foredrag som han lovar vil endre korleis verda ser på religion. Men sterke krefter vil helst ikkje at denne oppdagelsen skal kome ut, og prøver å stoppe fyrst oppdagaren, og deretter Langdon.

(2017)

Les meir

 
 

Ian Rankin – MORTAL CAUSES

mortalcausesDen sjette boka om John Rebus.

Denne gongen er det festival i Edinburgh, og byen er full av turistar. Når politiet finn eit mishandla lik i dei forletne gangane under den gamle hovudgata Royal Mile, mistenker dei at religiøse aktivistar er på ferde.

At det er hektisk aktivitet blant våpensmuglarar og terroristar rundt byen samstundes, gjer at politiet fryktar eit angrep på festivalpublikummet.

(1994)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 24/03/2016 tommar edinburgh, politi, rankin, rebus, religion, skottland, terror

 

Kurt Aust – HJEMSØKT

Den tredje boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge. Denne gongen er dei tilbake i Horten, der Petter skal ledsage ein utsending frå paven, som er på omreise i Norge.

Under stoppet deira i Fredrikstad, vert ein mann drepen, same natt som han har hatt besøk av den italienske eksellensen. Når det same skjer i Tønsberg, byrjar Petter å ane uråd, og får kontakta Thomas, som er i Christiania.

(2003)

Les meir

 
 

Ole Clifford – DET 11.BUD

Dansk fartsfylt krim i Da Vinci-kode-gata. Men litt mykje fart og litt lite truverdigheit, dessverre.

Under ei utgraving i Napoli vert det funne ein gjenstand som arkeologane ikkje heilt skjønar kva er. Men før dei får tid til å finne ut av det, forsvinn den, og havnar i hendene på ekstentriske samlarar. Det viser seg etter kvart at det er noko inne i gjenstanden, som er meir verdt enn innpakninga.

Våre hovudpersonar er dei to arkeologane Giancarlo Vincenti og Christina Nielson. (skrivemåten variere veldig i ei litt rotete oversetjing). I tillegg er det eit hav av andre sentrale karakterar, som kjem eller går.

Til tider spennande, men det er litt lite substans i spenninga, og det vert brukt for lite tid på å setje oss inn i kva og kvifor.

(2004)

Les meir

 

Kurt Aust – VREDENS DAG

Den fyrste boka om professoren Thomas av Boueberge og læreguten Petter Hortten.

Dei to er på veg til Ribe i Danmark for å feire nyttår i 1699, men på vegen kjem dei ut for ein snøstorm, og må søke ly på ei kro langs vegen. På grunn av uveret må dei vere der heile romjula. Og som ikkje det er nok, så vert ein av gjestane drepne, og den skuldige må vere ein av dei andre gjestane på kroa.

Spennande og interessant historisk krim.

(1999)

Les meir

 
 

A.J. Kazinski – DEN SISTE GODE MANN

Boka er skriven av to danskar, under pseudonymet AJ Kazinski, og tek utangspunkt i at det rundt om i verda til ei kvar tid finst 36 gode personar.

I Venezia har politimannen Tommaso di Barbara byrja nøste opp i trådane, og er på sporet av ein samanheng, etter at «gode» folk har vorte drepne over heile kloda. Han meiner det er ein samanheng i drapa, som i utgangspunktet virkar tilfeldige. For i tillegg til at alle dei drepne vert sett på som gode, så har dei også eit brennemerke, eller ei tatovering mellom skulderblada.

Han sender ut ein beskjed vi Interpol, og åtvarar om at det no sannsynlegvis berre er igjen to av disse 36 gode, og at neste drap kan skje i København.

I København er det politimannen Niels Bentzon og astrofysikar Hannah Lund som skal finne og advare det potensielle offeret, men kven er det som vert rekna som det mest gode mennesket i København?

(2010)

Les meir

 

Tom Egeland – LUCIFERS EVANGELIUM

Den tredje boka om albinoarkeologen Bjørn Beltø.

Denne gongen er Beltø med på å smugle eit manuskript som er funne i hendene på ein mumie. Han leverer det på Island, der han kjenner skriftekspertar som kan hjelpe han med å finne ut av manuskriptet.

Men sjølvsagt er det andre som vil ha tak i det verdifulle dokumentet, som skal vere evangeliet til fanden sjølv.

I kjend stil går det i høgt tempo rundt om i Europa, og me er sjølvsagt innom Roma, men også i Amsterdam, der Beltø får hjelp av ei stum kvinne.

Det er biljakter, kidnappingar, rituelle drap, og alt du kjenner frå dei forrige to bøkene om Beltø. Som også er boka sin absolutte akilleshæl.

(2009)

Les meir

 

Dan Brown – ANGELS & DEMONS

Den fyrste boka om Robert Langdon frå Da Vinci koden. Kritikarane seier denne er bedre enn den fysste, sjøl er eg ikkje sikker.

Robert Langdon vert denne gongen tilkalla til CERN-instituttet i Sveits, og det viser seg at han må stoppe organisasjonen Illuminati, ei jakt som fører han til Roma og Vatikanet.

Ei bra bok, ingen tvil om det, men den er lik Da Vinci koden, og mykje av handlingsmønsteret er lagt. Hadde eg lese denne før Da Vinci, ville eg nok likt denne best. Men som bok nr 2, var litt av overraskingane vekke. Da Vinci koden var ny og frisk då den kom, og det er denne også, men dei er veldig like.

(2000)

Les meir

 

Tom Egeland – SIRKELENS ENDE

Ei gruppe arkeologar i Østfold leitar etter ei gammal bosetting, og finn eit skrin. Sjefen for utgravinga, ein engelskmann stikk av med skrinet, og vil føre det ut av landet. Albinoen Bjørn Beltø stjel skrinet, og vil vite kva som er så viktig med det før han leverer det frå seg.

Boka har fått mykje medieomtale siste åra, fordi den er veldig lik ”Da Vinci koden”. Sirkelens Ende kom imidlertid ut i 2001, nokre år før Dan Brown skreiv si bok. Handlar om dei same tinga, dokument frå bibelsk tid, hemmelege ordenar, og folk frå heile verda som gjerne vil ha skrinet, som ingen vil seie kva inneheld.

Frå start til slutt er denne boka veldig vanskeleg å legge frå seg.

(2001)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 31/07/2005 tommar arkeolog, beltø, egeland, norge, religion