RSS

Kategoriarkiv: rettsmedisiner

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

Reklame
 
 

Peter May – KRITIKEREN

kritikerenVin og hemmelige brorskap

Ein svært upopulær og frykta amerikansk vinkritikar dukkar opp død, etter å ha vore forsvunnen ei tid. Kroppen er dynka i vin, han er kledd i eit gammalt, seremonielt antrekk, og hengt opp. Den skotsk-italienske rettsmedisineren Enzo Macleod, midt i ei komplisert periode på det personlege plan, reiser ned til vindistriktet for å finne ut kva som kan ha skjedd. 

Det vert koder, hemmeligheiter, vin og brorskap. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kodemystikk i Da Vinci-kode-gata.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/07/2021 tommar frankrike, gard, koder, may, rettsmedisiner

 

Matthew Hall – OFFERLAMMET

offerlammetUro i rekkene

Bok nr 7 om Likskuedommaren:

Den britiske troppen har eit døgn igjen før heimreise frå Afghanistan, men siste kvelden forsvinn ein av soldatane. Ei patrulje vert sendt ut for å finne han, men havnar i bakhold, og ein mann vert drept, og to hardt skadde. Heime i England ventar ein militærlandsby på dei, og returen med to manglande og to skadde kjem som eit sjokk. Men når Jenny Cooper byrjar å sjå på ting, så viser det seg sjølvsagt at det er noko meir mellom linjene her. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim sett i eit militært miljø, der ein nøster opp i gamle saker.

(2017)

Les meir

 

Matthew Hall – UTVALGT TIL Å DØ

utvalgttilådøVirusjakt i Bristolområdet

Dette er bok nr 5 i serien om Jenny Cooper, og altså boka som kom rett før Spor i Aske. Ein mann vert funnen død, og det ser ut til at han har hoppa frå ei bru. Når Jenny Cooper ser på kva den døde har gjort dei siste dagane før sin død, finn ho ting som kan knytte han til ei ung jente som døde like etter, av ei aggressiv form for hjernehinnebetennelse, meir aggressiv en ein har sett i Storbritannia tidlegare. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god thriller med bra driv og ein spennande hovudperson.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/01/2021 tommar bristol, england, hall, politi, rettsmedisiner, virus

 

Matthew Hall – SPOR I ASKE

sporiaskeLikskuedommar-krim

Etter ein husbrann vert ein mann og dei to stedøtrene hans funne omkomne. Stesonen har forsvunne. Likskuedommar Jenny Cooper er den som skal finne ut kva som har skjedd, og mykje tyder på at dette var meir enn ein vanlig husbrann.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er stor fan av britisk krim, med spennande og solide plott.

(2014)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/01/2021 tommar brann, bristol, england, forsvinning, hall, rettsmedisiner

 

Jefferson Bass – BLODIG URETT

Vi Menn-krim

Det osar av 90-tals machokrim av denne.

Rettsantropologen Bill Brockton, som driv ein likfarm (der han finn ut korleis menneskekroppen blir broten ned, for å hjelpe politiet), må hjelpe rettsmedisinar Jess Carter med å finne ut korleis ein ung mann døde. Offeret vart funne ståande, knytta til ei trestamme, i dameklede.

Underveis skjer det ting på likfarmen, og duoen havnar sjølv i sentrum for dramaet.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/04/2020 tommar bass, rettsmedisiner, tennessee, usa

 

Torkil Damhaug – DØDEN VED VANN

Den 12 år gamle guten Jo er på sydenferie med forfylla foreldre, og vert ståande åleine med ansvaret for søskena. Samstundes vert han avvist av ei jente der nede, og vert så deppa at han vil kaste seg på havet. Ein eldre norsk mann gir han råd og livsvisdom.

Hovudpersonen i boka er Liss, som lev herrens glade dagar i Amsterdam, og får beskjed om at søstera er forsvunna, rett før ho skal vere med på eit omstrid debattprogram på TV. Liss reiser tilbake til Oslo for å leite etter henne. At ho ved eit uhell kjem til å ta livet av den kriminelle Zako, som ho har eit forhold til, gjer ting meir komplisert.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 05/01/2009 tommar damhaug, forsvinning, norge, oslo, rettsmedisiner