RSS

Kategoriarkiv: reykjavik

Yrsa Sigurdardottir – DUKKEN

dukkenSkumlare på utsida enn inni

Den unge jenta Rosa og mora, er ute i båt saman med fiskaren Fridrik. Då dei dreg opp garnet, finn dei ei gammal dokke, dekt av rur, blant fangsten. Mora synes den ser ekkel ut, og vil kaste den ut igjen, men Rosa insisterer på å få den med heim. Før ho legg seg, legg ho dokka i badekaret for å vaske den, og neste morgon ligg mora død på badet, og dokka er borte. 

Ein annan stad på sagaøya, vert to britiske turistar funne døde. Ingen veit kva dei gjer på Island, og det er heller ingen spor etter korleis dei har kome hit.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du tenker syns at Yrsa på halv maskin er langt over det beste andre kan klare. 

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/05/2021 tommar barn, island, politi, reykjavik, sigurdardottir

 

Yrsa Sigurdardottir – GALGEN

Solid og traust frå Yrsa

Ein ung investor vert funnen hengt rett utanfor Reykjavik, rett før eit stort internasjonalt statsbesøk. Etterforskarane håper å kunne gjere seg fort ferdig, før besøket, men når dei finn ein spikar i brystet på den døde, vert det klart at dette ikkje dreier seg om eit sjølvmord.

I leiligheita til den døde finn dei eit barn, som ikkje er meldt sakna nokon stad.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar solide og gjennomarbeida krimhistorier.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/06/2020 tommar barn, island, politi, reykjavik, sigurdardottir

 

Yrsa Sigurdardottir – SYNDSFORLATELSE

Maskert uhygge på Island

Ein maskert person slår ihjel ei ung jente, og sleper henne med seg ut frå kinoen der ho jobbar. Ein snapchatvideo der ho seier unnskyld vert sendt til vennane hennar.

Seinare skjer det same med ein ung gut. Ein snap vert sendt ut, og når lika vert funne, er begge merka med kvar sitt tal.

Dette er tredje boka om politimannen Huldar og barnepsykologen Freyja, men mitt fyrste møte med dei.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Yrsa Sigurdardottir kanskje er den beste krimforfattaren i dag, og denne boka ikkje lager noken riper i den lakken.

(2016)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – GLEMT

Indridason på sitt beste

Ei tidleg Erlendur-historie, frå slutten av 70-talet. Ein lik vert funne i eit lite vatn utanfor Reykjavik, og spora fører rett til den amerikanske militærbasen.

Samstundes nøstar Erlendur opp i ei gammal sak, som også viser seg å ha tilknytning til eit tidlegare militærområde.

Dette er kanskje ei av dei tre beste bøkene om Erlendur Sveinsson.

(2014)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – SKUGGASUND

skuggasundEin eldre mann vert funnen død i si eiga seng, men det viser seg at mannen i 90-åra ikkje døydde ein naturleg død. På skrivebordet til mannen finn politiet gamle avisutklipp om drapet på ei kvinne på 40-talet.

Ein pensjonert politimann interesserer seg for saka, og prøver å finne ut meir om kva som skjedde den gongen.

Parallelt følgjer me historia om dei to politifolka Thorson og Flovent, som fekk i jobb å etterforske saka i 1944.

(2013)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – REYKJAVIKNETTER

reykjaviknetterHer er me tilbake i starten av politikarrieren til Erlendur, og får eit innblikk i det rutineprega kvardagslivet hans. Men samstundes byrjar han interessere seg for ei sak der ein uteliggar, som han tidlegare har hatt litt med å gjere, vert funnen drukna i ei grøft.

(2012)

Les meir

 
 

Jon Ottar Olafsson – OVERVÅKET

overvaketNy islandsk krimskapar som debuterer med ei bok om overvaking (avslørande tittel, der altså).

Ei død kvinne vert funnen i eit naust i Reykjavik, og etter kort tid vert saka lagt vekk, med overdose som dødsårsak. Men politimannen David er overtydd om at kvinna har vorte drepen, og fylgjer saka vidare.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/02/2014 tommar island, olafsson, overvaking, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – TVEKAMPEN

tvekampenNy bok frå den islandske mesteren.

Denne gongen er det ikkje Erlendur det handlar om, men sjefen hans, Marion Briem, og me er tilbake på 70-talet.

Året er 1972, og det er sjakk-VM i Reykjavik. Boris Spasski og Bobby Fischer kjempar om tittelen, det er aust mot vest, Sovjet mot USA. Og i skuggen av denne store hendinga, vert ein ung kinoentusiast stokken i hjel på ei kinoforestilling i Reykjavik. Og Marion Briem er mannen som skal løyse saka.

(2011)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 29/03/2013 tommar 70-talet, barn, erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – ANGER

Ein litt spesiell vri frå Indridason denne gongen. Erlendur er på ferie, og ikkje med i saka frå starten av. I staden er det Sigurdur Oli og Elinborg som er dei sentrale etterforskarane.

Det startar med at ein bekjent av Sigurdur Oli tek kontakt, og ber han om å hjelpe til med ei sak på privaten. Den gamle kompisen har vorte utsett for utpressing, etter at han og dama har vore med på eit partnerbytte. Det har vorte teke bilder, og kompisen vil at Sigurdur Oli tek ein prat med utpressaren. Då Sigurdur Oli motvillig kjem på døra til utpressarparet, vert han møtt av ein maskert mann med balltre, og inne i huset finn han jenta død.

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/03/2011 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – IRRGANGER

Den siste boka til Indridason.

Boka startar med at ein mann puttar Rohypnol i drinken til ei kvinne på ein utestad i Reykjavik. Deretter får han henne med heim, og det endar med drap. Elinborg vert kalla ut, men det er ikkje offeret som vert funne død morgonen etter, det er det angivelege gjerningsmannen, han som putta Rohypnol i drinken.

Ei spennande bok, akkurat slik me er vande til å få det frå Indridason. Det einaste spesielle er at Erlendur er på ferie, og dermed ikkje med i boka i det heile tatt. Eg trur ikkje eg har lese ei bok der hovudpersonen ikkje er med i det heile tatt, tidlegare.

Men Elinborg og Sigurdur Oli får det heile til å fungere, som om Erlendur nesten aldri hadde vore der.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 30/03/2010 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik