RSS

Kategoriarkiv: ritual

Anna Jansson – STUM SITTER GUDEN

stumsittergudenIrriterande hovudperson

Den fyrste boka i serien om Maria Wern (som har gått på TV). Ein mann vert funnen hengt i skogen, og han har eit gammalt spyd gjennom kroppen. Politiet mistenker tidleg at dette er knytt til nokon slags norrønsk tru, og det viser seg at eit svært likt drap skjedde ni år tidlegare i Uppsala. Men drapsmannen frå den gongen døde i ei trafikkulykke.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sett serien på TV, og lurer på om bøkene står i stil. 

(2000)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/11/2021 tommar jansson, politi, ritual, sverige

 

SJ Bolton – DE UTVALGTE

deutvalgteSkumle legender på Shetland

På Shetland prøver ei kvinne å begrave sin nylig døde hest på den nye garden ho har kjøpt. Men under gravinga finn ho levningane av ei kvinne, som ikkje ser ut til å ha vore død så lenge, og som ser ut til å ha vore offer for eit slags rituelt drap. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim basert på skumle myter og legender.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/02/2021 tommar barn, bolton, lege, ritual, sagn, shetland, skottland

 

Ilara Tuti – BLOMSTER OVER INFERNO

blomsteroverinfernoMørkt alpemystikk

I ein alpelandsby i Nord-Italia vert ein gammal mann funnen drept, med begge augene reve ut. Politioverbetjent Teresa Battaglia står framfor ei mørk og vanskelig sak, som ikkje blir enklare av at ho samtidig får overført ein ny politibetjent som ho ikkje kjem så godt overeins med frå starten, og ei lokalbefolkning som ikkje er interessert i å hjelpe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for den litt mørke, sør-europeiske krimen, i idylliske omgivnader.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/12/2020 tommar fjell, italia, landsbygda, politi, ritual, tuti

 

Samuel Bjørk – UGLEN

uglenEi ung kvinne vert funnen drept, i det som ber tydeleg preg av eit ritualdrap. Ein heim for vanskeligstilte barn i nærleiken vert tidleg sentral i saka, og ein (i overkant?) sliten Holger Munch må løyse saka saman med Mia Krüger og teamet.

(2015)

Les Meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/10/2015 tommar bjørk, norge, oslo, politi, ritual