RSS

Kategoriarkiv: riverton

Stein Riverton – MORDEREN FRA MØRKET

morderenimørketDen døde og hevngjerrige legen

Apotekar Frykman, som kontrollerer vekslar for banken, oppdagar at ein god venn som er lege, Dr. Flodin, har begått underslag. Han veit han må sei frå, men gir legen ein frist på åtte dagar til å ordne opp, men dagen før fristen går ut, kastar doktor Flodin seg ut frå ei ferge. Han vert aldri funnen. Men så vert apotekaren funnen drept i apoteket, og to landstrykarar vert arrestert. Men ein felles venn av dei to, ein kaptein, veit at den einaste som hadde ein grunn til å ta livet av Frykman, er Flodin, som framleis ikkje er funnen.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal og klassisk norsk krim.

(1914)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/03/2023 tommar 1910-1919, forsvinning, lege, riverton

 

Stein Riverton – MANNEN I MÅNEN

mannenimånenTungt, sjølv til Asbjørn Krag å vere

Høgt oppe i fjellsida har ein utanlandsk «gal vitenskapsmann» slått seg ned, og ingen i bygda veit kva han driv på med. Men Asbjørn Krag veit at han som på folkemunnet vert kalla «Mannen i månen» ikkje er godt nytt for nordmenns sikkerheit.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal krim, jo eldre, jo bedre.

(1921)

Les meir

 
 

Stein Riverton – FERGESTEDET

fergestedetRomeo og Julie-ish

For 20 år sidan gjekk heile bygda saman og bygde skipet «Lykkens Prøve», som skulle bringe bedre tider til ein fattig stad. Alle bidrog i bygginga, og dei sende ungdommen i bygda ombord som mannskap. Men skipet gjekk ned, og ingen overlevde. Men på «Fergestedet», ei mørk og bitter kneipe, er det framleis dei som håper.

Ein kveld kjem ein framandkar, og kroeigarane Kaisa og Johannes ser at han tydeligvis er rik, og legg ein plan for å ta over formua til mannen.

Men parallelt med dette, fortel framandkaren ei historie til oldermannen – ei historie så oppsiktsvekkande at oldermannen ventar til dagen etter med å fortelle den til dei andre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle, mørke historier.

(1928)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/10/2021 tommar båt, forsvinning, kystliv, norge, riverton

 

Stein Riverton – MYSTERIET PÅ BERGENSBANEN

mysterietpåbergensbanenTidleg tog-action

Bergensbana har ei svært fornem passasjerliste når det susar over dei snøkledde viddene forbi Hallingskarvet. I det toget køyrer inn i ein tunnel og alt vert mørkt, forsvinn eit kamera, som viser seg å innehalde veldig viktige dokument. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar klassisk norsk krim.

(1910)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/02/2021 tommar asbjørn krag, norge, ran, riverton, tog

 

Stein Riverton – MANNEN SOM VILLE PLYNDRE BYEN

Ein mestertjuv i Kristiania

Opprinneleg heite boka «Mannen som vilde plyndre Kristiania», usikker på kvifor tittelen er endra (kilde wikipedia)

Ein særs frekk tjuv herjar i Oslo, og politiet, som sjølv har vorte offer, står utan spor. Asbjørn Krag har møtt internasjonale kriminelle før, men dette er noko heilt anna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar 100 år gammal krim. 

(1914)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/09/2020 tommar 1910-1919, norge, oslo, politi, riverton

 

Stein Riverton – DØDEN TAR INN PÅ HOTELLET

Klassisk hotellmysterium

Hotellkrim frå tida før det vart parodisk. I 1921 var det sikkert ingen som rynka på bryna av at krimplottet vart lagt til eit herskapeleg hotell langt inne i skogen, med eit kobbel av internasjonale gjestar, mens me i dag føler me har sett det 1000 gonger.

Men, om boka: I følge wikipedia, den 92. av dei 116 bøkene til Riverton (Sven Elvestad).

Tidleg på sommaren kjem det ein buss med nye gjestar til det flotte Grand Hotel Excelsior, langt inne i det aude Norge. Utanlandske gjestar, kjende gjestar og mystiske gjestar. Så byrjar dei uhyggelege, mystiske tinga å skje, og det er berre eit tidsspørsmål før me får det fyrste drapet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gamle, klassiske krimhistoriene som får deg til å kjenne lukta av piperøyk, og høyre lyden av tweedjakke mot Chesterfieldsofa. 

(1921)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/09/2020 tommar 20-talet, asbjørn krag, hotell, riverton, skog

 

Stein Riverton – JERNVOGNEN

109 år gammal eleganse

Ei spøkelses-jernvogn som rullar over slettene på Sørlandet, og kvar gong den vert høyrt, skjer det ei ulukke eller eit drap. Når eit nytt drap vert utført, kjem Asbjørn Krag til staden for å løyse mysteriet.

1909

Les meir

 

Stein Riverton – MORDEREN UTEN ANSIKT

Litt tamt drama på godset

Asbjørn Krag må ordne opp i eit trekantdrama, når Rittmester Rye innleiar eit forhold til Dagny, dottera til hans gode venn Oberst Holgers (Det blir ikkje meir radioteater enn disse navna her).

Så ein dag får plutselig ikkje Rye lov til å besøke Dagny igjen, og kort tid etter vert obersten slått ned, og Rye vert hovudmistenkt.

Då er det dags for Krag å kome inn og legge korta på bordet.

(1913)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/02/2018 tommar asbjørn krag, detektiv, norge, riverton

 

Stein Riverton – STORHERTUGINNEN AV SPEILSALEN

Ukjent offer på feil stad

Ein mann vert funnen død på kontoret til rentenist Hammel.

Ved fyrste augekast kan det sjå ut som sjølvmord, men etter kvart er det fleire ting som tyder på at det er noko anna. Ingen veit kven den døde er.

Spor peiker mot Berlin, og ein av hovudstadens mest fornemme skikkelsar, Viviana; Storhertuginna av speglsalen.

(1931)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/06/2017 tommar 20-talet, norge, oslo, riverton

 

Stein Riverton – FENOMENET ROBERT ROBERTSON

Dybhavnstragedien

Robert Robertson er ein slags gentleman-kriminell og/eller privatetterforskar, med unike og uforklarlege evner, og har «eit særskilt utanlandsk preg, og kan blande seg inn i eit kva som helst slags miljø».

I København «blandar Robertson seg inn i andre folks affærer for å halde seg i trening til viktigare saker»: Ein fallert dansk adelsmann som no er ein fattig postfunksjonær, går på stevnemøter med ei nyskilt legefrue. Pengane flyt. Robertson vil finne ut kvar pengane kjem frå. Det endar opp på ein gammalt villa som står for nedfall nord for København. Baron Markus Friis og legefrua Merete Gravenhag bor i skjul i villaen, men det gjer også hennar mann, doktor Gravenhag. Så vert ein av dei involverte drept.

(1923)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/06/2017 tommar 20-talet, berlin, københavn, riverton