RSS

Kategoriarkiv: rubenfeld

Jeb Rubenfeld – DEATH INSTINCT

Bok nummer to i serien om Stratham Younger. (Den fyrste var då The Interpretation of Murder)

Denne gongen er det ei bombe som går av i bankdistriktet i New York, Wall Street, i 1920. Younger og vennen Littlemore, frå politiet er i nærheita når det skjer.

I tillegg til å nøste opp i eksplosjonen saman med Littlemore, får me glimt frå fyrste verdenskrig, der Younger møter den unge franske sjukepleiaren Collette, som eigentleg jobbar med radiokjemi.

Ho vert ein sentral figur i boka.

(2011)

Les meir

Reklame
 

Jed Rubenfeld – THE INTERPRETATION OF MURDER

Krim om Sigmund Freud sin einaste tur til Amerika. Han vert sett i kontakt med borgarmesteren i New York, i forbindelse med ei drapssak. Hovudpersonen er psykiateren Stratham Younger.

Eit rikt persongalleri, og etter kvart verkeleg ein «sidesnuar». Dette er debutromanen til Rubenfeld, og han er ein fantastisk historieforteljar, og fra side 20-30 er me i gong, og det er veldig vanskeleg å legge frå seg boka. I tillegg ei spennande blanding av fakta og fiksjon.

(2006)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 03/12/2007 tommar freud, new york, psykologi, rubenfeld, usa