RSS

Kategoriarkiv: russland

Julia Phillips – ALT SOM BLE BORTE

altsombleborteAust-russisk bikubesong

To unge systre forsvinn frå heimbyen på Kamtsjatka-halvøya, og politiet har berre eit spor: Dei har vorte observert når dei sette seg inn i ein skinande rein, svart SUV. 

Kvart kapittel er ein ny månad, og nye folk å verte kjende med. Etter kvart vever forfattaren eit samansett bilde av befolkninga på den avsondra halvøya.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er liker historier som utviklar seg sakte, med mange involverte.

(2019)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/04/2021 tommar barn, forsvinning, phillips, russland

 

Ingar Johnsrud – KALYPSO

Krim i verdensklasse

I eit hus på Bygdøy, vert ein mann funnen død. Den gamle enka som bor i huset, er det ikkje spor etter. Etter kvart viser det seg at mannen dei har funne, vart erklært død for 20 år sidan.

Samtidig vert ein annan mann funnen død ein annan stad i Oslo, og det er eit tett band mellom dei to, og ein mann som framleis er i live.

Kan fort vere ei av dei beste norske krimbøkene eg har lest

(2016)

Les meir

 

Stein Morten Lier – BIZNIZ

biznizEin nordmann vert funnen drepen ombord på ein oljetankar utanfor India. Det viser seg at han er eit vitne i ei stor narkotikasak. Anka Volden, frå voldsavsnittet i Oslo vert saman med kollegaene sendt ombord i skipet.

I Oslo planlegg russiske kriminelle, ved hjelp av norske finansfolk, eit norsk 9-11, og Anka Volden og ein VG-journalist kjem midt oppi planlegginga.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/09/2014 tommar lier, norge, oslo, politi, russland, terror

 

Johan Theorin – GRAVRØYS

gravrøysDen fjerde og siste boka i Ölandskvartetten.

Denne gongen handlar det om den velståande familien Kloss, som har ein resort på øya. Denne sommaren får dei besøk av eit gammalt spøkelse.

For gamle Gerlof Davidsson som no bur på eldresenteret på vinterstid, blir dette sannsynligvis den siste sommaren på hytta.

(2013)

Les meir

 
 

Rune Timberlid – SANCT SVITHUNS GÅTE

På kysten ved Stad, vert politimannen Rolf Randen utplassert for å sjå etter terroristar, etter auka terrorfare i Oslo og resten av landet.

Sjølv om oppsparket virkar litt usannsynleg, så er resten av boka spennande. Eigaren av det lokale oppdrettsanlegget driv nemleg med noko snusk, medan den aldrande kvinna som driv surfecampen får ubodne gjestar, som virkar å vere interesserte i ting etter far hennar, som var ein russisk fysikar som vart drepen under krigen.

I tillegg dukkar det opp historier om ein skatt frå den spanske armadaen.

(2011)

Les meir

 

Boris Akunin – VINTERDRONNINGEN

Den fyrste boka om Fandorin. Var veldig i tvil om Tyrkisk Gambit, som står omtalt lenger nede. Det var bok nummer to, og heilt grei, men litt seig. Lot likevel bok nr 1 få ein sjanse, sidan eg no har dei fem fyrste ståande uleste i hylla.

Og denne leverte bedre enn den andre. Fandorin er ung og har nettopp fått jobb i politiet. Han etterforskar ein ung rik mann som har tatt livet av seg, tilsynelatande fordi han har fått nei på eit frieri frå ei ung jente han nettopp har møtt.

Fandorin rullar opp ein større organisasjon, og reiser rundt i Europa, som det nye stjerneskotet i russisk politi.

Fysst og fremst er det historia som er mykje sterkare her enn i den andre boka. Me vert bedre kjende med Fandorin, og forstår mykje meir av karakteren, noko som til tider var litt forvirrande i bok nummer to. Plottet er spennande, og med stadige tvistar.

Definitivt bedre enn Tyrkisk Gambit, og eg gler meg til å setje i gong med den tredje boka i serien.

(1998)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/07/2008 tommar akunin, fandorin, russland

 

Boris Akunin – TYRKISK GAMBIT

«Fandorins andre sak»

Burde sjølvsagt starta på nr 1, men det viser seg at eg berre hadde 2-5 i bokhylla, så då vart det denne.

Akunin er et pseudonym brukt av georgiaren Grigori Tchkhartishvili, og bøkene handlar om russaren Erast Fandorin. I denne boka er me i Romania og Serbia, der russarane prøver å ta Tyrkia. Me møter Fandorin, som er ein ung veteran i hæren, og har ei noko avslappa rolle. I tillegg møter me Varvara Suvorova, ei ung kvinne som er på veg til fronten for å finne forloveden sin. Eit ganske lite karaktergalleri, med diverse offiserar og korrespondentar, men handlinga er det ikkje kjempedriv i.

Det er lenge usikkert kva som er saka i boka, men etter kvart viser det seg at det er ein spion i rekkene, og Fandorin skal finne han. Ganske enkelt, ikkje veldig intrikat, men i følge andre omtalar relativt tru mot det historiske perspektivet.

Skal gi bok nr 1 ein sjanse, og håper den er bedre enn denne.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 20/05/2008 tommar akunin, fandorin, krig, russland, soldat

 

Ian Rankin – EXIT MUSIC

Den foreløpig siste boka i Rebus-serien, og mange fryktar det vert den siste.

Handlinga startar et par dagar før DI John Rebus skal gå av med pensjon. Ein russisk poet vert funnen drept i Kings Stable Road (for dei som er lokalkjende), samtidig som ein russisk delegasjon er i Edinburgh. Russarane vil dysse det ned, medan Rebus vil lage mest muleg bråk.

Ein glimrandre krim, kanskje ei av dei beste i Rebus-serien. Vel så mykje av spenninga er knytta til dei siste dagane til Rebus, som til sjølve handlinga.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 30/03/2008 tommar edinburgh, politi, rankin, rebus, russland, skottland