RSS

Kategoriarkiv: selje

H.K. Fauskanger – SKRINET

skrinetNoko så sjeldan som ei norsk Sherlock Holmes-historie.

I ei av historiene om Sherlock Holmes vert det nevnt at han er i Norge, og forfattaren tek seg den friheit å fortelje denne historia.

Oskar Prods Brattenschlag er bud i gamle Christiania, og i sin siste jobb skal han levere ein pakke til ein gullsmed. På veg ut etter leveringa, vert han frårana kvitteringa si, og seinare viser det seg at han truleg er den siste som har sett gullsmeden i live, då han seinare vert funnen drept.

Då han kjem tilbake til staden for å forklare seg for politiet, møter han to britiske herrar, ved namn Watson og Holmes. Dei treng ein tolk, og dette vert byrjinga på eit eventyr som i stor grad handlar om eit skrin som har sterke trådar til den helgenen St. Sunniva, som gjekk i land på øya Selja.

(2012)

Les meir

Reklame
 

Rune Timberlid – SANCT SVITHUNS GÅTE

På kysten ved Stad, vert politimannen Rolf Randen utplassert for å sjå etter terroristar, etter auka terrorfare i Oslo og resten av landet.

Sjølv om oppsparket virkar litt usannsynleg, så er resten av boka spennande. Eigaren av det lokale oppdrettsanlegget driv nemleg med noko snusk, medan den aldrande kvinna som driv surfecampen får ubodne gjestar, som virkar å vere interesserte i ting etter far hennar, som var ein russisk fysikar som vart drepen under krigen.

I tillegg dukkar det opp historier om ein skatt frå den spanske armadaen.

(2011)

Les meir